Etter eit skuffande tap borte mot Åsane, gjorde Hødd ein svært profesjonell jobb i bortekampen mot Jerv då dei vann 1-0. Med det blei Hødd det første laget som sigra mot Grimstad-laget på deira heimebane denne sesongen. Spesielt med tanke på at Ulsteinvik-laget mangla sin toppscorar Eirik Ulland Andersen i kampen mot Grimstad, var trepoengaren svært imponerande.
No er Ulland Andersen og Hødd tilbake på Høddvoll etter to bortekampar på rad, og skal prøve å ta tre poeng mot eit nedrykkstruga Levanger-lag.
Elendig bortelag
I vår-kampen mellom laga på Moan kunstgress enda det 0-0 etter ein svært sjansefattig og dårleg fotballkamp. Hødd gjorde jobben med å ta ut angriparane Bendik Bye og Benjamin Stokke, men sleit med å skape noko sjølv offensivt. Nærast kom Ulland Andersen som banka eit frispark i tverrliggaren.
Levanger har slite veldig på bortebane denne sesongen, og er divisjonens svakaste bortelag med berre fire poeng på ni bortekampar. Den einaste sigeren til trønderande kom imidlertid borte mot Sogndal, og viste i den kampen at toppnivået er høgt hos Levanger-laget. Etter to tap på rad i serien for Levanger, blei det også siger 4-1 mot Bærum heime i forrige serierunde.
Derfor måtte Karlsen prestere: - Jeg trengte dette!
Vrakar matchvinnaren
Michael Karlsen har slite med å score mål for Hødd i vårsesongen, men sette inn sitt andre mål for sesongen borte mot Jerv. Likevel er han å finne på benken når Hødd-trenar Sindre Eid plukkar ut sine elleve til kampen mot Levanger. Inn kjem nysignerte Robin Shroot, som jaktar sitt første mål etter den nylege returen til Ulsteinvik-laget.
Ulland Andersen, som stod over mot Jerv grunna suspensjon, går rett inn på laget.
Hødd (4-3-3): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Christoffer Aasbak – Ole Amund Sveen, Joachim Wrele, Fredrik Aursnes – Eirik Ulland Andersen, Robin Shroot, Magnus Myklebust
Benken: Ole-Monrad Alme, Michael Karlsen, Vegard Heltne, Joachim Magnussen, Sondre Beite, Bendik Torset, Torbjørn Kallevåg
Livestudio Hødd-Levanger: