Med to strake sigrar i serien, og cupavansement friskt i minnet, er det eit Hødd-lag med sjølvtillit som entrar banen mot Strømmen klokka 18. Får heimelaget sin fjerde strake i dag?

Hødd har opna 2014-sesongen svært opplyftande, og ligg før den sjette serierunda på ein flott tredjeplass. Med sterke bortesigrar mot HamKam og opprykksjagande Mjøndalen, og fire poeng på heimekampane mot Tromsdalen og Alta, står Ulsteinvik-laget med ti poeng etter fem spelte kampar. No ventar 11. plass Strømmen heime på Høddvoll, eit lag som bør og skal slås og Hødd vil befeste sin posisjon i toppen av divisjonen.

Revansjen på Mjøndalen Stadion

Hødd hadde mykje å revansjere då dei på torsdag reiste til Nedre Eiker for møtet med serietoar Mjøndalen. Mjøndalen var som kjend laget som snytte Hødd både for direkte opprykksplass i siste serierunde i fjor, og laget som slo blåtrøyene ut i kvalifiseringa til Tippeligaen.

Scoringar av kaptein Jesper Törnqvist, Eirik Ulland Andersen og nysigneringa Ole Amund Sveen gjorde at Hødd i 2014 fekk ei flott oppreising frå fjoråret, og kunne ta med seg tre velfortente poeng tilbake til Ulsteinvik.

Bortelag med sjølvtillit

Strømmen kjem til Høddvoll med ei eventyrleg opphenting friskt i minne. I torsdagens kamp mot Kristiansund såg nemleg Strømmen ut til å gå på eit forsmedeleg 0-3 tap heime mot romsdalslaget. Med under halvtimen att av kampen, låg Skedsmo-laget tre mål bak, og mange hadde nok kryssa av for klar bortesiger på tippekupongen. Men etter mål av Mustapha Achrifi, George White Agwuocha og Kristian Jahr, vart det heile snudd til 3-3 og jubel for gråtrøyene.

Hødd har hatt eit godt tak på Strømmen sidan Ulsteinvik-laget var tilbake på nest øvste nivå i 2011. På dei siste tre oppgjera mellom laga på Høddvoll har heimelaget vunne samtlege, med sterke 10-2 i målforskjell. I fjor vann Hødd begge oppgjera mot Strømmen, i ein sesong dagens bortelag hamna på ellevte plass.

Få endringar på laget

Trenar Sindre Eid gjer ikkje dei store endringane på laget som vann 3-1 borte mot Mjøndalen i førre serierunde. Victor Grodås er framleis ute med skade, mens Franjo Tejpuric heller ikkje er klar.

Laga er som følgjer:

Hødd (4-2-3-1): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal – Fredrik Aursnes, Joakim Wrele – Ole Amund Sveen, Robin Shroot, Eirik Ulland Andersen – Joachim Magnussen

På benk: Jan-Lennart Urke, Bendik Torset, Robin Hjelmeset, Henrik Grimstad, Andreas Rekdal, Vegard Heltne, Espen Standal

Strømmen ( 4-4-2): Haraldur Bjørnsson – Marius Amundsen, Miguel Hamutenya, Steinar Strømnes, Thor Lange – Kristian Jahr, Eirik Schulze, Mustapa Achrif, George White Agwuocha – Mahmoud El Haj, Igor Mirceta

På benk: Samuel Dirscher, Esben Rashid, Fredrik Nilsen, Ulrich Ness, Vetle Dragsnes

Følg kampen her: