Hødd møter Bryne i kveldens runde. Med berre to poeng på bortebane i år, er det ikkje eit lag struttande av sjølvtillit som spring ut på matta. Likevel har altså haustsesongen vore tydeleg betre enn vårsesongen. Steinar Lein har i snitt eit halvt poeng meir per kamp enn Hans-Erik Eriksen hadde. Medan Eriksen satsa på å spele ambisiøst og ballbesittande, har Lein vore opptatt av å vere strukturert og direkte. «No handlar det om å redde plassen i førstedivisjon» har vore mantraet til Lein.

Hødd-trenar Steinar Lein. Foto: Marius Bøstrand

Må ta med poeng heimBryne har 26 poeng står enda djupare i gjørma enn Hødd, på nest siste plass. Likevel er det berre snakk om tre poeng mellom laga, og Bryne kjempar også for vidare eksistens i serien. Medan Hødd har tapt sine to siste kampar har Bryne vunne sine to. I førre runde slo dei ingen ringare enn Jerv som kjempar om direkte opprykk.

Hødd sin assistenttrenar Karl Oskar Fjørtoft meiner at Hødd må ta med seg minst eitt poeng frå Jæren mot Bryne. Rett bak ligg Ull/Kisa og pustar dei blåvkite i nakken. Det trass i at Ull/Kisa rota bort alle poenga mot serieleiar Kristiansund i førre runde, ved å gå frå 2-0 til 2-3. Med formidabelt betre målskilnad enn Hødd, er dei den største konkurrenten om til ein tabellplass som held til overleve i førstedivisjon. Ull/Kisa møter Pontus Engblom, toppscoraren i serien, og resten av Sandnes Ulf denne runda.

Lagoppstilling

Kaptein Joakim Wrele er ute med karantene, og Sondre Beite er ute etter å ha blitt skada i førre andrelagskamp.

– Bortsett frå det kan vi velge frå øverste hylle, sa Steinar Lein til hodd.no

Hødd (4-3-3)

Urke – Aasbak, Moltu, Wembangomo, Mensah – Sjølstad, Kallevåg, Torset – Sereba, Shroot, Magnussen

Benken: Pieroth, Heltne, Vestvatn, Hatakka, Törnqvist.

Bryne (3-5-2)

Knezovic — Lode, Norheim, Mjønner, Landro (K), Fjelde, Holmvik, Kastrati, Aamodt –Ajeti, Helle

Benken: Høidahl, Byskata, Khalili, Ueland, Bøgild, Håland, Lye.

Verdt å vite om Bryne Fotballklubb

  • Stifta som Bryne idrettslag i 1928,dreiv berre med fotball dei første ti åra

  • Har tatt ni poeng på dei siste fem kampane. Det er ein knapp tredel av poengfangsten totalt i 2016

  • Scorar i likskap med Hødd færrest mål kvarteret før pause, og flest mål det siste kvarteret av kampen

  • Toppscorar i år er Oddbjørn Skartun, som scorar i litt under annakvar kamp i snitt