Overfor Sunnmørsposten røper Hødd-leiar Bård Dalen at klubben har bestemt seg for at Eid og teamet rundt han er ønskja for ein ny periode.

– Vi meiner han og teamet hans har gjort ein god jobb. Vår førsteprioritet er ein ny avtale med det noverande teamet. Vi håpar å få det avklart i løpet av eit par veker, seier Bård Dalen.

Det var framfor 2014-sesongen at Sindre Eid tok steget opp som hovudtrenar i Hødd. To år ved roret har gjort han positiv til ei forlenging av kontrakten.

– I utgangspunktet er det ikkje tvil om at eg er positiv til ei forlenging. Samstundes må eg vurdere det skikkeleg. Som fotballtrenar lev du eit spesielt liv, der fotballen eigentleg er altoppslukande for både deg sjølv og familien. I tillegg må eg kjenne på at galskapen og «gutsen» er til stades for ein ny periode. For meg er det alt eller ingenting, seier Hødd-trenaren.

Vil ha fleire år

Difor vil Sindre Eid vere sikker på at han har lyst og vilje til å stå på for Hødd i meir enn berre ein sesong.

– Utan å gå for mykje inn på det, så ser eg for meg ei lengre periode ved ei ny kontrakt. Hødd har mange unge spelarar i klubben no, og det hadde vore gøy å få vere med og forma desse vidare, seier han.

I det heile tatt ønskjer Eid å utvikle både spelarar og Hødd som klubb. Han er overbevist om at Hødd er ein klubb i utvikling på veg opp og fram.

– Hadde eg ikkje sett positivt på Hødd si framtid, hadde ei ny kontrakt aldri vore tema. Om eg skal gå på ei ny periode, er det heilt naudsynt at eg føler vi kan utvikle dette eit steg vidare. Og eg ser ein klubb i positiv utvikling. Vi har eit fantastisk anlegg, ein sterk administrasjon, mykje fotballkultur/kompetanse og ein klubb som jobbar godt i lag, seier Eid – og følgjer opp:

– Alt ligg eigentleg til rette her. Eg vet ikkje tidspunktet, men eg trur Hødd ein dag rykker opp til eliteserien. Og det har eg sjølvsagt lyst å vere med på, seier han.

– Er det realistisk å ha det som eit mål i ein ny kontraktperiode?

– Det veit eg ikkje heilt. Det må ein nesten sjå an. Det kjem jo an på spelarstall og fleire andre ting. Men det er i alle fall mogleg, seier Hødd-trenaren.

Førebels er det berre assistenttrenar Steinar Lein i trenarteamet som har kontrakt neste sesong.

– For meg er det viktig å få med meg heile teamet vidare. Vi står samla om dette, seier Sindre Eid.

Dagleg leiar André Nevstad gir dagens trenarteam gode skottsmål.

– Vi har vore med heilt der oppe i år, og det er jo der vi ønskjer å vere. Teamet rundt A-laget har gjort ein god jobb, meiner han.

Håper på drama

Onsdag skal Hødd ut i ein ny viktig kamp, der heimesiger mot Hønefoss vil gi tre særs viktige poeng i kampen om ein play off-plass.

– Heretter og ut blir det steintøft uansett kven vi møter. Det er så tett i divisjonen no at alle lag vi møter vil vere desperate. Hønefoss har berre tapt tre av dei siste ti kampane, og har plutseleg sjanse til å berge plassen igjen. Dei gir nok alt dei har mot oss, seier Hødd-trenaren.

Men Eid er klar på at motivasjonen er på topp i Hødd-leiren. Draumen er viktige kampar fleire veker framover.

– Vi har «jæklig» lyst til å vere med hele vegen ut, prestere og ta poeng. Vi har lyst å ha store, viktige kampar som betyr noko. Vi skal gi alt, men samstundes veit vi at det er andre klubbar med større budsjett som har større press på seg. Vi kan angripe dette utan å vere redde for noko, seier Sindre Eid.