LEVANGER — HØDD 0-0 (0-0):

1 .divisjonskampen mellom Levanger og Hødd var i store delar av kampen eit einaste stor geisp.

Mai månad har så langt innehold eit beintøft kampprogram for 1. divisjonslaga. Og det såg ut som at både Hødd og Levanger var prega av den store belastninga i førsteomgangen på Moan kunstrgress søndag kveld.

Ørjan Hopen og Levanger holdt Hødd til 0-0 på egen hjemmebane. Foto: Digitalsport

Ingen av laga klarte å produsere ein einaste stor sjanse i løpet av dei første 45 minuttane, og det blei slått mykje langt og upresist frå begge lag i store delar av opningsomgangen.

Heimelaget nærast

Hødd gjekk defensivt ut frå starten av, og låg lavt og kompakt utan å risikere for mykje.

Heller ikkje heimelaget hadde mykje å bidra med offensivt i første omgang, utanom eit godt forsøk frå venstrekant Simen Sandmæl i opningsminuttane av kampen.

Etter ei god vending forbi Hødds høgreback Jonas Ingebrigtsen, tok Sandmæl med seg ballen inn i 16 meteren. Men ei god beinparade frå Aslak Falch hindra Levanger i å ta ei tidleg leiing mot Ulsteinvik-laget.

Etter halvtimen gjekk Hødds Joachim Magnussen i bakken i straffefeltet, og dei blåkledde ropte på straffe. Men dommar Rohit Saggi vinka rakst vekk protestane frå bortelaget, som meinte Magnussen blei hekta i den situasjonen.

Sjansefattig

I løpet av halvminuttet av den andre omgangen skapte heimelaget omtrent like mykje som dei gjorde i løpet av heile den første omgangen. Frå 20-25 meter fekk Levangers Benjamin Stokke tatt med seg ballen og fyrt av på halvspretten mot Hødd-målet.

Hødd-keeper Falch var også denne gongen parat og fekk slengt seg på ballen og slått ut til corner frå heimelaget.

Hødd hadde lite å komme med også i første del av den andre omgangen. Finspelet langs bakken var fråværande, og som i den første omgangen blei det slått ein del langt frå blåtrøyene.

Small i tverrliggaren

Men i det 73 minutt kom Hødd endeleg til ein sjanse. Og den var av det store slaget. Levanger-stoppar Tom Erik Nordberg var for tøff i ein duell med Joachim Magnussen på 25 meter, og lagde frispark til Ulsteinvik-laget.

Eirik Ulland Andersen stilte seg opp, som han har gjort så mange gonger før for Hødd. Og som så mange gonger før var forsøket frå Ulland Andersen av det ypperste slaget. I ein vakker bue banka han ballen over muren med retning krysset.

Men uheldigvis for Ulland Andersen og Hødd hadde dei ikkje centimetrane på si side, og ballen small i tverrliggaren til Levanger-målvakt Ola Rygg.

Med tre minutt igjen av kampen kom innbyttar Michael Karlsen til ein kjempesjanse for Hødd. Etter eit innlegg frå høgresida fekk spissen hovudet på ballen, men diverre for Hødd var marginane mot Ulsteinvik-laget også denne gongen, og avslutninga gjekk like over mål. Dermed enda det 0-0 mellom Levanger og Hødd.