Burchnall blir trenarvikar i Hødd

Tidlegare Viking-trenar Ian Burchnall blir «sommarvikar» i Hødd.

Publisert

TIL HØDD: Tidlegare Viking-trenar Ian Burchnall blir trenarvikar i Hødd. Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

Engelskmannen - som var hovudtrenar i Viking i fjor - skal hjelpe Hødd i perioden 10. til 24. juni. Årsaka til dette er at assistenttrenar Sander Håskjold Nyland vil bli borte frå feltet ei periode grunna ein operasjon.

– Gjennom mi tid i Noreg har eg fått eit godt forhold til mange i Hødd og eg gledar meg verkeleg til å kome til Ulsteinvik og hjelpe klubben denne korte perioden. Eg håper eg kan tilføre nokre nye idéar til Sindre og Sander sitt allereie svært gode arbeid. I tillegg håper eg at eg kan bidra på mange nivå i klubben, sier Ian Burchnall sjølv i ei pressemelding frå Hødd.
Han har sjølv ei fortid i akademia til Leeds United og Bradford i England. I Norge var han først assistenttrenar i Sarpsborg 08 før han fekk same jobb i Viking. Engelskmannen blei oppgradert til hovudtrenar framfor 2017-sesongen, men fekk sparken etter ein særs tøff sportsleg sesong for Viking.

Har hatt kontakt over tid

Ifølgje sportssjef Andrè Nevstad oppretta Hødd kontakt med Burchnall sjølv for fleire år sidan. Sidan har partane heldt kontakta.

- Ein flott fyr som har mykje erfaring og kompetanse, samt eit veldig engasjement for fotball og spelarutvikling. Seinast i mars besøkte han oss på treningsleiren vi hadde i Luton, så han er ikkje heilt ukjent med dagens tropp. Når Sander no blir ute ei periode på grunn av ein operasjon i hofta, var det naturleg for oss å spør Ian om han kunne tenke seg å bidra i denne perioden. I tillegg til å bidra inn mot A-laget saman med Sindre og resten av hans team, har han også lyst å engasjere seg på feltet inn mot andre lag i klubben når det er tid til det, seier Nevstad.

Publisert