Etter ein fantastisk snuoperasjon av Ulsteinvik-laget på Brann stadion i siste serierunde, klatra Hødd opp til 4. plass på 1. divisjons-tabellen. Det gav heimekamp mot årets store overrasking i 1. divisjon, Jerv, i kvalifiseringa til Tippeligaen. No er det vinn eller forsvinn for Hødd.

Vinnaren møter Kristiansund

Hødd er faktisk det einaste laget Jerv ikkje har scora mot i serien i år. I kampen i Grimstad i haust vann Hødd 1-0 etter scoring av Michael Karlsen. I heimekampen på Høddvoll blei det 0-0 mellom dagens motstandarar.

Tidlegare i dag spelte Kristiansund og Ranheim kamp den første kvalik-kampen på Kristiansund stadion. Det enda med 1-0-siger til heimelaget, noko som betyr at det blir fylkes-oppgjer i neste kvail-runde om Hødd slår Jerv i dag.

Gjer to endringar på laget

Tidlegare i veka blei det klart at Vegard Heltne må stå over dagens kamp grunna skade. Inn på venstrebacken kjem mannen som spelte der heile vårsesongen, Christoffer Aasbak.

Offensivt gir Hødd-trenar Sindre Eid belønning til Robin Shroot for sitt gode innhopp i kampen mot Brann. Nord-iren var på mange måtar mannen som snudde det heile med si utlikning, og var også svært delaktig i 2-1-målet til Eirik Ulland Andersen like etter.

Sist Shroot starta for Hødd var i bortekampen mot Bryne 30. august, der Hødd vann 2-0. Han tek plass på topp for Ulsteinvik-laget i dag. På kantane får han med seg Magnus Myklebust og Ulland Andersen. Det betyr at Ole Amund Sveen går ned igjen som indreløpar, og Torbjørn Kallevåg blir plassert på benken.

Hødd (4-3-3): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Christoffer Aasbak – Ole Amund Sveen, Joakim Wrele, Fredrik Aursnes – Magnus Myklebust, Robin Shroot, Eirik Ulland Andersen

Benken: Ole-Monrad Alme, Erik Sandal, Joachim Magnussen, Michael Karlsen, Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset, Sondre Beite

Jerv (4-5-1): Øyvind Knutsen – Nils Petter Andersen, Glenn Andersen, Espen Knudsen, Henrik Robstad – Christoffer Myhre, Jan Jenssen, Andreas Hagen, Dennis Antwi, Ohi Omoijuanfo – Alexander Lind

Benken: Jostein Aaland, Dejan Corovic, Christopher MacConnacher, Joachim Edvardsen, Steinar Berås, Kristoffer Tønnesen, Tobias Collett