Erik Sandal (31) håper han kan begynne å springe igjen innan to veker. Han har ein del trening å ta igjen.

31-åringen har vore lenge utan fotball etter at han brakk eit bein på utsida av høgrefoten i romjula i fjor. Etter at den fyrste operasjonen ikkje var vellykka, har det gått betre etter den andre. Men det tek framleis litt tid før han kan spele kampar igjen.

– Akkurat no går det i styrketrening, sykling og eg kan springe i basseng. I førre veke fekk eit tilbakeslag, men det har gått veldig bra denne veka. Eg håper eg kan springe igjen om eit par veker, seier midtbanespelaren til Sunnmørsposten.

Sjølv om 31-åringen merkjer det er framgang, er ikkje alt som det skal vere enda.

Utan krykkjer

– Eg klarer ikkje å gå skikkeleg enda, men det er slutt på å gå på krykkjer. Eg synest det går altfor seint i forhold til det eg vil det skal, men det er viktig å ha tolmod i en slik situasjon, seier han.

Sandal legg ikkje skjul på at han til tider har vore veldig frustrert, men det vil han ikkje bruke meir tid på.

– Det har vore ein del frustrasjon, men det går ikkje an å vere frustrert når du får starte å trene igjen. Det er unødvendig å bruke energi på slike ting. Det handlar om å ha positive tanker og glede seg over den framgangen som kjem.

– Når er du tilbake på banen?

– Det er realistisk å tenke at det kan skje om 2–3 månader, men det spørst litt korleis kroppen reagerer når eg kan springe igjen, seier han.

31-åringen har ingen problem med å innrømme at han har ein del arbeid han må legge ned før forma er på topp igjen

– Det seier seg sjølv etter fem månader på sofaen, det trur eg dei fleste ville oppdaga. Fokuset mitt no er å gjere dei rette tinga til rett tid. Eg vil ikkje ha fleire tilbakeslag.

Imponert

Midtbanespelaren er imponert over det Hødd har prestert til no i 1. divisjon.

– Eg er imponert over framgangen dei har hatt sidan den fyrste serierunden. Det har vore litt variabelt, men dei nye som er henta inn har gjort det bra. Det blir tett og jamt framover, så det kan bli ein spennande sesong. Vi har svikta litt på heimebane, der vi skulle hatt meir enn uavgjort mot Tromsdalen og Strømmen.