Lysa er sløkte for fotballkarrieren, og nedturen har vore enorm for ein av dei mest vellukka fotballspelarane Noreg har fostra. Men Claus Lundekvam byr opp til i alle fall ein siste dans i rampelyset.

Han har gitt ut bok. I "En kamp til" tek Lundekvam eit nådelaust oppgjer med seg sjølv. Han vedgår at han har vore ein elendig far, at familien hans har vorte prega av ein brukar av narkotika og alkohol. Og han legg ikkje skjul på at alle pengane frå Premier League-karrieren er svidd av på mislukka forretningsprosjekt og rusmiddel.

EIN VANLEG MANN: Claus Lundekvam må takla livet som normal etter å ha vore Premier League-stjerne. Foto: Håvard Bjelland.

— Eg veit ikkje kva eit A4-liv er. Det vil eg sikkert aldri få vita heller, seier Lundekvam.

Henta dop på postkontor

Ein stril i Oslo, ein fotballkaptein i ein bokhandel. Lundekvam er ute av kjend territorium, der han sit og svarer på spørsmål om livet sitt i forlaget sine lokale i Akersgata. Han ser helst til sida når han fortel om alt som har skjedd dei siste åra. Rusmisbruket. Tapet av familien. Rehabiliteringa. At han har ønskt å ta livet sitt. Om dei to åra han har vore rusfri og arbeidd som fotballekspert for TV 2 og som trenar for Bønes. Til og med litt om kva som er gale i Brann.

— Eg har alltid vore veldig open. Boka er ein refleksjon på det. Eg ønskjer å seia ting som dei er. For meg har det vore ei stor hjelp, seier Lundekvam.

Han hadde kokain på nattbordet mens kona låg ved sidan av. Med abstinensen herjande i kroppen, tok han kona med seg på jakt etter ei pakke med dop han kunne få tak i på eit postkontor nær Portsmouth. 42-åringen frå Austevoll er klar over at det er ei belastning for dei som står han nærmast at han fortel om alt det miserable han har gjort.

— Når det gjeld ekskona mi, jentene mine og foreldra mine, har det vore viktig å snakka om vanskelege ting. Det er den måten eg kan takla dette på. Men eg må alltid leva med skulda og skamma eg har påført dei.

Lundekvam seier dei rundt han har vore førebudde på det som kom. Og han meiner han har tatt omsyn med å redigera bort ein del detaljar og historier.

— Eks-kona mi har grua seg til boka, det forstår eg, men til sjuande og sist er dette mi bok. Det er eg som må setja grensa for kva eg ønskjer å dela. Eg meiner den grensa er sett på rett plass.

Boka, som er ført i pennen av Thomas Karlsen, har eit førsteopplag på over 10.000, noko som betyr at Lundekvam i alle fall kan heva ei god årsløn på prosjektet.

— Eg vert ikkje rik på dette. For meg er dette ei bok som kan gi meg ei avslutning på dette kapittelet i livet mitt. Om seks månader reknar eg med mykje er gløymt, og då har eg eigentleg sagt mitt.

Levde på skryt

Lundekvam omtalar seg sjølv som den vesle guten frå havgapet som fekk leva ut Premier League-draumen. Han som allereie som seks-sju åring var den beste i nesten all idrett på Austevoll, og som hadde forventningspresset på seg frå dag ein.

Då det tok slutt i 2008, etter over 400 Premier League-kampar for Southampton, vart livet umogeleg å takla for Lundekvam. Den indre uroa som gjorde at han heile tida var usikker på om han var god nok, fekk slå ut i full blomster. Uroa i kroppen gjorde at han alltid trente ekstra hardt for å verta betre, men samstundes kravde den anerkjenning og skryt frå medmenneske heile tida.

— Det eg sakna mest var garderoben og det å vera ein del av eit lag. Det tok så brått slutt, så stod eg der åleine. Over natta var det vekke. Det går ikkje an å erstatta kjensla det er å spela framfor 40.000-50.000 tilskodarar, seier Lundekvam.

STOR OPPLEVING: Claus Lundekvam i duell med Arsenals Thierry Henry i FA-cupfinalen i 2003. Foto: Richard Lane/Digitalsport

Overgangen var stor frå å vera kaptein og levande legende i Southampton, til å liggja i senga og ikkje ha noko å fylla livet med.— Den største feilen eg gjorde var at eg ikkje hadde noko å gjera då karrieren var ferdig. Ingen jobb eg måtte stå opp om morgonen å gå til. Ingen kollegaer å stå til ansvar for. I staden klappa eg meg sjølv på ryggen og sa til meg sjølv at no fortente eg å slappa av, kosa meg.

Lundekvam fant erstatninga i narkotikaen. I to år var kokain hans beste venn.

— Kokain var gøy i ein periode. Då eg prøvde det første gongen tenkte eg at "wow, no har eg funne noko som kan erstatta kjensla av å spela i Premier League".

Men den vidunderlege kjensla av å rusa seg med kokain for første gong, let seg ikkje reprodusera. Til slutt vart det så gale at han måtte ha to gram berre for å fungera.

Må vera normal

Lundekvam fekk behandling, og han seier det no er over to år sidan han rusa seg sist. No er han fotballtrenar for Bønes i 5. divisjon, og arbeider som Premier League-ekspert i TV 2. Den største utfordringa hans er å akseptera at han lever eit meir normalt liv.

— I dag jobbar eg knallhardt med meg sjølv for å vera komfortabel i eige selskap, å ikkje vera nøydd til å få anerkjenning og skryt heile tida. Eg må skapa glede i dei kvardagslege tinga.

JOBBAR HARDT: Claus Lundekvam må vera hard med seg sjølv. Foto: Håvard Bjelland

Lundekvam kunne grina etter sendingane i TV 2 dersom han ikkje hadde hatt ei glitrande sending. "Dyret i han", som han skriv om i boka, lever framleis, og gjer at han er perfeksjonist og konkurransemann. Det han gjer, skal vera hundre prosent. Men Lundekvam er glad for at han kan grina. Det har hjelpt han.— Då eg spelte fotball var eg udødeleg. Eg kunne ikkje fella ei tåre. Det var ikkje lov. Det å læra meg å grina har vore viktig for meg.

Lover ingenting

Kollegaer frå tida i Brann, landslaget og Southampton har reagert på Lundekvams bok. Påstanden om at han ikkje den einaste i fotballmiljøet som festa, omgav seg med damer og kjøpte sex, har fått folk til å ta avstand frå Lundekvam. Sjølv er han ikkje overraska, og avviser at han seier dette for å allmenngjera sitt eige misbruk.

— Det er naturleg at dei nektar for dette, men eg fortel mi historie frå tida i Brann, Southampton og på landslaget. Eg ønskjer ikkje å setja nokon i dårleg lys, og det eg seier gjeld absolutt ikkje alle, men eg var ikkje åleine om det eg gjorde. Dei som vil vera naive, får berre vera det, seier Lundekvam.

To gongar har Lundekvam hatt solide tilbakefall til rusen. Begge gongane har nesten teke livet av han. Austevollingen kan ikkje garantera noko når det gjeld framtida. Så godt kjenner han seg sjølv.

— Eg skal gjera alt eg kan for ikkje å hamna i det helvetet på nytt, men eg kan ikkje lova noko. Vegen tilbake til rusen er like kort for meg som andre.