BYGLAND: – Dette er ein veldig spennande mulighet for oss der vi blir heilt sentrale i å tappe eit heilt nyskapande produkt med med stort potensial, seier styreleiar i Ose Water, Siri Lande, i ei pressemelding som vart sendt ut måndag.

Sommaren 2019 lanserte dei kjeldevatnet Ose Water og starta tapping på Ose nord i Bygland kommune. Også denne fabrikken har blitt råka koronakrisa.

Men måndag gjekk fabrikken ut med at dei har signert ein kontrakt med det norske selskapet Softox Solutions om å tappe eit nyutvikla desinfeksjonsmiddel.

Siri Lande skriv i ein epost til Fædrelandsvennen at middelet ikkje blir framstilt på Ose. Det er sjølve tappinga, etikett og emballering som skjer der.

Siri Lande er styreleiar i Ose Water og gjekk ut med meldinga om ny kontrakt på måndag. Her frå lanseringa av Ose Water i 2019. Foto: Kjetil Reite

Måtte bygge om

Den nye kontrakten betyr at fabrikken på Ose måtte bygge om produksjonslinja for tapping.

– Dette har dei klart på rekordtid, seier Geir Almås, leiar og gründer i Softox.

Det nye produktet er ifølgje pressemeldinga alkoholfritt og skal difor vere meir hudvenleg enn dei meir tradisjonelle produkta.

– Ose Water har vist seg å vere ei svært kompetent bedrift med teknologisk innsikt og moderne tappeutstyr. Dagleg leiar Bergtor Haugå og teamet hans har vist ei heilt unik gjennomføringsevne, seier Geir Almås i pressemeldinga.

Bygde opp tapperi

Ose Water er bygd opp av blant andre Siri Lande og Bergtor Haugå. Fabrikken overtok ei produksjonslinje frå Voss Production på Vatnestrøm og flytta denne til Ose i 2018. I juli året etter starta produksjonen av vatn på flaske.

Nysatsinga med flaksevatn frå Bygland vart kjend i 2016. I 2017 inngjekk Ose Water og Bygland kommune ein avtale der Ose Water overtok det lokale vassverket på Austad frå kommunen.

Produksjonen av kjeldevatn vil halde fram, sjølv om Ose Water nå også skal tappe desinfeksjonsmiddel.

– Bergtor Haugå har sjølv designa ombygginga med skreddarsydde komponentar slik at produksjonslinja nå er eigna for ei rekke produktkategoriar, seier Siri Lande i pressemeldinga.