Kva meiner du om eigedomsskatt på Hovden? Stem til høgre eller sei din meining under saka.

BYKLE: I forslaget til budsjett som vart presentert måndag kveld, foreslår administrasjonen at Bykle kommune no utgreiar eigedomsskatt for både vanlege bustader og hytter.

— Vi ynskjer å oppretthalde eit godt tenestetilbod i Bykle både for fastbuande og dei med fritidsbustad. Difor meiner vi at kommunen bør utgreie om det skal innførast eigedomsskatt, seier rådmann Tallak Hoslemo.

Ifølgje Hoslemo vil ei gjennomsnittleg skattelegging på 3000 kroner per bustad, gje kommunen mellom 9-10 millionar i ekstra inntekter.

Treng pengane

Bykle kommune er framleis ein kommune med betre økonomi enn dei fleste, takka vere kraftinntekter. Problemet er at kommunen sine utgifter aukar, medan kraftinntekten står i ro. Så sant ikkje regelverket vert endra, vil desse inntektene ligge på same nivå i 2016 som dei gjorde i 2007. Ifølgje framlegget til budsjett og økonomiplan, har kommunen sitt handlingsrom blitt redusert med 35 millionar på grunn av dette.

Ordførar Jon-Rolf Næss (Ap) seier at alt tyder på tøffare økonomiske tider i åra som kjem, og støttar forslaget om å utgreie eigedomsskatt.

— Det er 2600 hytter og fritidsleiligheter i kommunen, og vi har brukt store midlar dei siste åra på å utvikle ein god infrastruktur. Vi har framleis god økonomi, men det kjem mørke skyer framfor sola, så skal vi vidareføre ein god infrastruktur, kan eigedomsskatt vere eit alternativ, seier Næss og presiserer at han i denne omgang kun vil at administrasjonen utgreiar spørsmålet.

— Vi må først sjå kva positive og negative konsekvensar dette vil ha før vi seier ja eller nei, men eg ynskjer å vere tydeleg på at vi bør utgreie spørsmålet, seier Næss.

Dersom lokalpolitikarane seier ja til å utgreie eigedomsskatt, kjem saka truleg opp i kommunestyret hausten 2013. ## Taket nådd

Rådmann Tallak Hoslemo seier hytteeigarar i kommunen nyt godt av kommunale tenester som løypekøyring og helsetenester. Det er tenester som kan bli oppretthaldne ved hjelp av eigedomsskatt.

I dag er det kun eigedomsskatt på kraftstasjonar, noko som gjer Bykle inntekter på 46 millionar i året. Dei får også kraftinntekter frå konsesjonskraftsal som ifølgje prognosene vil ligge på mellom 15-19 millionar dei komande fire åra.

Men kraftinntektene går altså ikkje opp, og kommunen kan ikkje ta inn meir i eigedomsskatt på kraftverka enn det dei gjer i dag.

— Realiteten er at inntektene blir redusert. Det fører til at ein må redusere i tenester og nye investeringar, seier Tallak Hoslemo.

Må kutte

Bykle kommune er difor i gang med å kutte i utgifter, og målet er å få bort 17 årsverk i perioden 2012-2014. Reduksjonen skal skje ved naturleg avgang.

Det kan også bli slutt på at det som i budsjettet vert omtala som "dublering". Kommunen har bygd opp både skule, barnehage, kulturhus og helsetenester både i Bykle og på Hovden.

Unntaket er legesenter og ungdomsskule som ligg i Bykle.

— Vi må sjå på om vi framleis vil tenke dublering. Det første det kan slå ut på, er legetenester som vi berre har i Bykle i dag. Vi må bygge opp ei legeteneste på Hovden, og spørsmålet er om vi då skal legge ned i Bykle. Det må vi vurdere, seier Jon-Rolf Næss.