BYKLE: Heilt sidan 1984 har Mosfjeld drive skiskule på Hovden. Men vinteren 2011 vart han stengd ute frå Hovden Skiseneter etter ein konflikt med seneteret.

Det er i strid med friluftslova, meiner Mosfjeld som like etter nyttår møter skisenteret i Kristiansand tingrett.

— Saka burde vere enkel. Den dreiar seg om retten til fri ferdsel og den er fastsett i friluftslova. Dette er ei viktig prinsippsak, og det er difor den blir køyrt på denne måten. Vi må få avklart dette ein gong for alle, seier Arne Johan Mosfjeld.

Han krev også 200.000 kroner i erstatning frå skisenteret på grunn av tapte inntekter.

Stengd ute

Bakgrunnen for konflikten var at Mosfjeld ikkje ville innfri ei rekke krav som Hovden Skiseneter stilte. Tre instruktørar fekk skikorta sine avregistrert 23. februar i år.

Mosfjeld krevde midlertidig forføyning, men retten avviste kravet og skreiv i sin dom at skisenteret har full råderett over areala dei disponerer.

Men Mosfjeld er overtydd om at avgjerdsla er feil, og har med seg sitt eige forbund, Den Norske Skiskole, når han tek saka innfor tingretten.

— Friluftslova opnar for fri ferdsel, så lenge det ikkje er til sjenanse. Det omfattar også kommersiell verksemd, seier Dag Herrem som er prosessfullmektig for Arne Johan Mosfjeld.

Han meiner saka er prinsippielt viktig og at retten til å bruke ein skibakke kan samanliknast med retten til å bruke opptrakka skiløyper.

— Det du betalar for i eit skitrekk er transporten opp. Så har du full rett til å nytte deg av skiløypene saman med ein skilærar, seier Herrem.

Hovden Skisenter seier derimot at dei har full råderett over sine areal.

Råderett

— Då er det opp til skisenteret kva andre kommersielle aktørar som skal sleppe til. Skisenteret er ope for å inngå avtale med andre kommersielle aktørar og gjer også dette, seier Roger Hagel Sørli som er majoritetsaksjonær og styremedlem i Hovden Skisenter.

Advokat for skisenteret, Sigurd Vestrheim, skriv i sitt tilsvar før rettssaka at Mosfjeld kan drive næringsverksemd i trekket, men at han då må rette seg etter krav frå skisenteret.

Han meiner friluftslova ikkje opnar for at nokon kan drive næringsverksemd på andre sin grunn utan løyve, og viser til avgjerdsla frå tingretten i mars. Her står det at skisenteret ikkje har sett urimelige vilkår for at Mosfjeld skal få drive skiskule.

Blant vilkåra skisenteret har sett er at skiskulen skal vere med i Destinasjon Hovden og at grupper frå Skiservice Hovden blir rapportert inn på førehand.