Korleis kan den regionale leverandørindustrien ta del i det grøne skiftet? Dette er tema for Stavanger Clean Energy Transition Summit, som er overskrifta på årets Stavanger Energy Conference.

Ordførar Kari Nessa Nordtun (Ap) opna konferansen onsdag morgon. Ho er glad for å sjå at bransjen endeleg kan samlast igjen, og at programmet har eit «breitt energifokus».

– Gjer me ting rett innan havvind, trur eg det vil gje store moglegheiter for regionen, seier ordføraren.

Vind på verftet

Eit yrande folkeliv er det ikkje mellom buene i messeområdet på Bekhuskaien, i alle fall ikkje i dei fyrste formiddagstimane. Men skulle det bli meir folksamt, er smitteverntiltaka på plass.

Tidlegare er konferansen blitt arrangert på Rosenberg-verftet.

– Sidan sist konferanse har konferansen dreidd profilen over i berekraft og fornybart, seier Knut Høiland, forretningsutviklar i Rosenberg Worley.

Hos Stavanger-verftet jobbar no hundrevis av arbeidarar med opprustinga av det store oljeproduksjonsskipet Jotun A. Men ein dag vil både dette og framtidige oljeoppdrag vera fullførte, og kva skjer då med den viktige industriarbeidsplassen?

Høiland står på stand i den eine av to store messehallar og viser fram Rosenberg si havvind-satsing, Flexifloat.

Her kombinerer dei havvind, bølgekraft og solceller på same anlegget, som dekker eit kvadratisk område med 306 meter lange sider.

Ein nedskalert modell har nyleg blitt testa ut, og resultata er ifølgje Høiland lovande. Fell alle nødvendige brikker på plass, håper dei på å kunna testa ut ein pilot utanfor Eigerøya i 2023 eller 2024.

– Får me utteljing for dette globalt, er marknaden stor, seier han.

Og slike draumar er det nok fleire i messehallen som har.

Einar Sundal og Knut Høiland presenterte Flexifloat for messegjengarane. Foto: Jon Ingemundsen

Energihovudstaden

At det grøne skiftet kjem, er det så langt Aftenbladet erfarer, ingen som nektar for på konferansen. Men delar av den grøne, politiske debatten, møter motstand.

– Ikkje tru på det du høyrer på Dagsnytt 18 (debattprogram på NRK, journ.merk.) om at det å avvikla oljeindustrien er eit aktuelt alternativ, seier Ulf Rosenberg frå talarstolen i konferansesalen.

Han held innlegg for prosjektet «Energihovedstaden», som jobbar for at Stavanger skal få ein ny merkelapp i det nasjonale medvitet.

– Me står i eit nytt vegkryss der me skal gå frå å vera oljehovudstaden til å bli energihovudstaden, seier Harald Minge, leiar i Næringsforeningen i Stavanger.

– Eg får betalt for å følgja med på alle spanande initiativ i regionen. Det er ein nesten umogleg jobb, seier Rosenberg.

Oljetoppen nærmar seg

Audun Martinsen i analyseselskapet Rystad Energy ber bransjen førebu seg på at oljeprisen går ned frå dagens 70 dollar fatet til 50–60 dollar. Dette forklarer han med at oljeproduksjonen truleg vil auka raskare enn etterspørselen etter pandemi-nedgangen.

– På grunn av redusert biltrafikk bruker me cirka ti prosent mindre bensin og diesel no enn me gjorde før pandemien, seier han.

I juli neste år trur Martinsen at verda er tilbake der ho var før pandemien, med eit forbruk på 100 millionar fat per dag.

Men for at leverandørane skal bli noko klokare på kva dei skal satsa på, må han sjå lenger enn slutten av pandemien.

Tidlegare rekna ein med eit toppunkt for oljeetterspørsel i 2030. No har analytikarane flytta toppen, på 102 millionar fat, til 2026.

– Scenarioet er meir aggressivt. Dette kjem delvis av fleire elektriske bilar. I 2030 og utover vil det vera stor nedgang i kor mykje olje verda har behov for, seier Martinsen, som ser gasstoppen koma innan eit tiårsperspektiv.

– Det gjeld å smi mens jernet er varmt, oppfordrar Martinsen og viser til at det er venta at meir enn 40 nye, norske prosjekt leverer inn plan for utbygging og drift før 2022.

Så oljebransjen kan ifølgje analytikaren gje gass litt til. Men innan 2040 reknar han med at femti prosent av energien verda bruker, vil vera fornybar.

– Fossil skal vidare ned. Farten kjem blant anna an på politikarane. Leverandørar må posisjonera seg for nye marknadar.

Så følgjer ei etter kvart velkjent rekke med forslag til nye vegar for norsk industri: Havvind. Hydrogen. Batteri. Karbonfangst- og lagring. Dette er også spegla i programmet for dei to konferansedagane.