Kommunestyret vedtok onsdag kveld å løyve 690.000 kroner til Brokke skianlegg. Målet er å sikre at skitrekket skal klare å starte opp til neste sesong.
Pengane vart gjevne til protestar frå enkelte lokalpolitikarar. Dei meiner kommunen nå tek av fellesskapet sine pengar for å finansiere eit anlegg som utbyggarane av Brokke burde teke ansvar for.
— Utbyggarane har vore inne og finansiert mykje av utbygginga i Brokke. Men det er feil å sleppe unna rekninga og overlate den til innbyggarane i Valle kommune, sa Steinar Kyrvestad (Ap).
Han fekk kun med seg dei fire representantane i eige parti på forslaget om at kommunen ikkje skulle betale.
Konfliktar
Sjølve alpinsenteret i Brokke er kommunalt eigd, og fleirtalet i kommunestyret meiner difor at det er kommunen som må berge selskapet. Men grunnen til dei økonomiske problema er at dei som driv sjølve alpinsenteret ikkje klarer å betale leiga.
Alpinsenteret blir nemleg drifta av eit eige selskap som heiter Brokke Alpinsenter. Det er eigd av mellom andre dei to utbyggingsselskapa i Brokke, og desse skal garantere for underskotet i trekket og betale dette kvart år når rekneskapsåret er avslutta..
Dei er altså ikkje forplikta til å rydde opp i problem som dukkar opp undervegs i året, påpeika ordførar Tarald Myrum.
— Dei er ein tredjepart. Kan ikkje sjå at dei er ein part i dette, sa han.
— Det er ein situasjon i Brokke nå med å få inn inntekter, og dei har problem med å betale. Vi forventar no at dei som skal drive alpinsenteret følgjer opp og får starta opp trekket. Vi tek vårt ansvar og forventar at dei følgjer opp og gjer seg i stand til å starte opp, sa Myrum.
Labert hyttesal
Dei to utbyggingselskapa i Brokke, Kvisle Eigedom og Brokke Eigedom, oppgjer at dei sidan starten i 2005 har dekka nærare 4,6 millionar i underskot ved trekket. I tillegg gav dei 15 millionar i direkte tilskot til trekket då det vart bygd.
Avtalen om å dekke underskotet har vore ei bør for selskapa.
— Avtalen vart inngått i gode tider då vi selde godt med hytter. Hadde den trenden halde fram, ville ikkje dette vore noko problem, men nå blir det ikkje selt nok til å kunne ta dette år for år, seier Svenn Magne Brokke, dagleg leiar i Brokke Eigedom.
I fjor selde selskapet kun sju hyttetomter og Brokke Eigedom fekk eit underskot på 500.000. I år ser det noko betre ut med seks selde tomter før sesongstart.
— Vi ser positivt på framtida, men vi treng dei pengane vi har, seier Svenn Magne Brokke.
Dei to utbyggingselskapa eig Brokke Alpinsenter (driftsselskapet) saman med Aust-Agder Næringsselskap. Dei to utbyggingsselskapa har altså gjeve underskotsgaranti og oppfylt denne plikta.
I det andre utbyggingsselskapet, Kvisle Eigedom, vil ikkje dagleg leiar Knut H Nomeland sei noko om fjorårets økonomi og ikkje oppgje kor mange hytter som vart selt i 2011. — Men er det samanheng mellom laber utbygging og det som nå skjer?
— Det kan ha ein innverknad, men når det gjeld det som nå skal betalast, har vi oppfylt våre plikter i samsvar med kontrakten, seier Nomeland.
Får støtte
Blant lokalpolitikarane fryktar mindretalet at dei no opnar for at kommunen må ta rekninga kvar gong det er dårlege tider i Brokke. Fleirtalet meiner det dei må ut må er småpengar samanlikna med kva utbyggarane har investert.
— Brokke er ein kjempesuksess. Dei har investert ti gongar meir enn det kommunen no gir i lån. Det som har vore investert av næringslivet er store summar og 1200 innbyggarar hadde aldri fått det til utan at næringslivet hadde gått inn, seier Astrid Kyte (Sp)