AGDER: Reiseselskapa for solreiser opplev større pågang enn i fjor på same tid. Har du planar om ein snarleg sydenferie, må du vera rask.

I førre veke selde Star Tour 24 prosent fleire julireiser enn på same tid i fjor, og dei neste dagane er det knapt ledige seter å oppdriva hos selskapet.

– Det er tydeleg at det skiftande sommarværet sett ein støkk i mange. Når ferien omsider kjem, drømmer me om lange, varme dagar på stranda, og seine kveldar på terrassen. No er det nok mange som bokstaveleg talt byrjar å få kalde føter.

– Dei neste dagane er det knapt eit ledig sete å oppdriva, seier Christian Lunde, dagleg leiar i Star Tour til aftenbladet.no .

Kosmopolitiske rogalendinger

Også reiseselskapa Detur og Apollo kan melda om auka interesse for varme reisemål i år. Og mange bestiller i siste liten.

Administrerande direktør Leo Berbu i Apollo fortel at dei har få reiser igjen til helga.

– Her går det unna, det er veldig mykje utsolgt. Det er ein fantastisk etterspørsel i år. No må ein kasta seg fort rundt om ein skal få seg ein soltur i fellesferien, seier Berbu.

Han fortel at Apollo har auka kapasiteten sin med fleire seter i år, og at salet har gått opp 13 prosent frå same tid i fjor.

Flya vert fylt opp.

Også reisebyrået Ticket har dei siste vekene hatt større pågang av solhungrige nordmenn enn i fjor på same tid.

– Vi har selt for minst tjue prosent meir i år enn i 2009, seier Tone Skaare, marknadsjef i Ticket.

– Salet i Agder har gått veldig bra. I år har vi stor pågang og det er mange som ønskjer seg ut av Noreg. Det verkar som om mange har sete på gjerdet og venta lenge i år, seier Skaare til fvn.no.