BYGLAND: — For å etterkome annonsørane sitt ynskje om farge på alle sidene måtte vi ha investert fem millionar kroner i ny rotasjonspresse. Ein så stor sum såg vi ikkje grunnlag for å investere, seier redaktør Sigurd Haugsgjerd i lokalavisa Setesdølen. Det er Setesdalstrykk, som held til i same bygget som avisa, som har mista Setesdølen som kunde. Frå før har Setesdalstrykk mista trykkekundar både i Søgne og Songdalen Budstikke og Vennesla Tidende, som er kjøpt opp av henholdsvis Fædrelandsvennen og Agderposten. - Dette er nokre av faktorane som har gjort til at ein ikkje såg grunnlag for investeringa, seier Haugsgjerd.

— Vil lesarane merke noko til forandringa?

— Vi vil heile tida prøve å lage ei betre avis, og at det vert fargar på alle sidene er eit ledd i den prosessen. Det har og kome positive reaksjonar frå lesarane, som eg vil tru merkar betringa godt, seier Haugsgjerd.

Sjølv om trykkeriet, som vart etablert i 1984 etter initiativ frå Setesdølen, har mista avisa som kunde vil det ikkje få følger for dei tilsette. - Setesdalstrykk har, på dei drøye 20 åra det har eksistert, opparbeida eit stort kundenettverk utanom Setesdølen. Avisa vår utgjer i dag berre ein brøkdel av trykkeriet si omsetnad, fortel Haugsgjerd som ikkje tek omlegginga så tungt. - Det vert nesten som å køyre ein gamal bil, av og til må ein bytte.