EVJE OG HORNNES: Ikkje eingong lokalkontora på Evje og i Farsund vert råka i denne omgang.— Vi er veldig glade for at vi i dette forslaget held fram som ei eining utan å bli slått saman med nokon, seier fungerandre distriktsredaktør i NRK Sørlandet, Finn Oscar Olsen.Nyhendeleiinga i NRK kom i går med forslag til korleis NRK sine distriktskontor skal organiserast i framtida. Forslaget inneber at minst tre distriktskontor blir nedlagt. Evje får leve

Før jul vart det kjent at nyhendeleiinga i NRK også ville legge ned fleire av dei små lokalkontora til NRK. I Agder er det tre slike lokalkontor: På Evje, i Farsund og i Arendal. Ingen av desse vert nevnt i forslaget som kom frå NRK i går.Det vil likevel ikkje seie at lokalkontora er freda. I innstillinga frå NRK blir det opna for at sjølve kontora kan bli lagde ned og erstatta av medarbeidarar som arbeider med mobilt utstyr og frå heimekontor.- Det som blir sagt i innstillinga, er at det er dyrt å halde slike kontor, og at NRK må ha ein gjennomgang av kostnadane, opplyser Olsen.Han vil ikkje garantere for at sjølve kontora vil bli verande, men lovar at NRK sine medarbeidarar vil vere til stades også ute i distriktet.- Det blir sterkt understreka at vi skal vere til stades. Det er ikkje snakk om å trekke ressursane inn mot eit hovudkontor, men å bygge opp meir effektive einingar, seier Olsen. Blir nedlagt

Både på Austlandet, Vestlandet og i Nord-Norge står fleire distriktskontor i fare med å bli lagt under distriktskontoret i nabofylket. NRK har kome med ei rekke ulike forslag til omlegging. I Nord-Norge går forslaga ut på å enten slå saman Troms og Finnmark eller å slå saman alle dei tre fylka Nordland, Troms og Finnmark. For Vestlandet sin del har nyhendeleiinga lagt fram tre forslag. I det første blir Sogn og Fjordane og Hordaland slått saman. I det andre blir Rogaland og Hordaland slått saman, det same blir Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I det siste forslaget blir berre Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane slått saman.På Austlandet foreslår NRK å slå saman Telemark, Vestfold og Buskerud. Sjølv om minst tre fylke vil bli lagt under nabofylket, lovar NRK at alle fylka framleis vil ha eigne sendingar.