Kvifor er det så mange som ivrar for samanslåing av dei to Agderfylka, og kven er det som vil ha slik samanslåing? For meg ser det ut til at det er høgrekreftene, og spesielt byborgarane som går inn for dette. Dei forstår ikkje at bygdene kan ha anna syn. Det avgjerande for bygdene har frå førhistorisk tid vore kor dei kunne få kjøpt salt, samstundes som dei fekk avsetnad på varer dei var interesserte i å avhende. Det heile blei for dei eit spørsmål om korleis dei på lettaste vis kunne finne vegen att og fram til kysten. For dei øvre bygdene i Aust-Agder kunne spørsmålet stillast: Skulle dei følgje elva til ho nådde havet, eller var det lettare å ta vegen att og fram til ein eller annan vestlandsfjord? Slik fann dei sine handelsforbindelser.Det kan vel ikkje vere tale om anna enn med dagens kommunikasjoner, er det lettast for alle, så langt øst som til og med Herefoss og Lillesand, å kome seg til Kristiansand. Når du kjem så langt øst at Nidelva er nærare enn Otra, er reisa enklast til Arendal. Lengre øst enn dette er det i alle fall ei bygd som heller ville ha Skien som fylkeshovudstad enn Kristiansand. Eg tenker då på mi eiga heimbygd Gjerstad. Truleg ville då resten av kjørkjesokna, Vegårshei, slå lag østover. Kva blei det då att av Aust-Agder?Eg er overtydd om at folk alt i alt er best tente med at fylkesgrensane ikkje blir forandra.Gunnar FløgstadSøgne