ÅSERAL: Alle dei fem innbyggjarane og bikkja «Lady» er med på dugnaden.

— Vi gjer det fordi vi er stolte av og glade i bygda vår, seier dugnadsarbeidar og Eikerapen-innbyggjar, Gro Aasheim.

Men det er ikkje berre dei seks Eikerapen-innbyggjarane som er med på dugnaden. Heile 200 av dei totalt 900 innbyggjarane i Åseral kommune har meldt seg som frivillige hjelparar for at alt skal bli klart til festivalen startar onsdag 3.august.

— Alle her oppe, om det er i Eikerapen eller andre stadar i Åseral, vil vise at Åseral har noko meir å by på enn ski om vinteren, seier Gro Aasheim vidare.

  • Og så er det generelt ei enorm dugnadsånd her oppe, føyer dugnadsarbeidar og Gros ektemann, Rune, til.

Han fortel vidare at initiativtakar og eldsjel bak festivalen, Tor Åge Eikerapen, har hatt mykje å seie for folk si vilje til å vere med å hjelpe.

— Tor Åge har overtalt og overbevist alle her oppe om at dette kan bli ein suksess, seier Rune Aasheim.

Satsar på 5000

Og med 3700 deltakarar innanfor portane under debuten i fjor, må ein kunne kalle festivalen ein suksess.

— Det har aldri vore så mange menneske i bygda samtidig, fortel Rune Aasheim og gliser.

— I år reknar vi med å bikke 5000, og helst litt meir, seier en håpefull festivalsjef Tor Åge Eikerapen på telefon.

Dugnadsfolket utfører alle slags oppgåver, som å lage og servere mat, skjenke øl, organisere campingen som blir laga for festivalen, organisere bilparkering, billettsal og mykje meir. Ei av dei meir kuriøse dugnadsoppgåvene er ein litt uvanlig type transport av artistane som skal spele på festivalen.

— Nokon har sagt seg villige til å køyre artistane fram og tilbake frå der dei måtte trenge det i amcar-bilar, fortel Eikerapen.

Glimt i auga

Også vakthald er ein viktig del av festivalen. Over 100 menneske skal vere vakter i løpet dei fem dagane. Og Knut Lindefjeld, som har budd over 50 år i USA, meiner han er spesielt godt eigna til den jobben.

— Hvis nokon lagar bråk, så ringer dei berre til meg, og så finn eg fram hatten, bootsa og sheriffstjerna mi. Då blir det nok stilt, humrar han.

Det er dugnad, pågangsmot og glimt i auga som er heile grunnlaget for festivalen sin eksistens. Lag og foreningar har meldt seg til teneste, ein etter ein.

— Skyttarlaget, Raude Krossen, Bondekvinnelaget og Speidaren er nokre av dei som har ringt og spurt om dei kan vere med å hjelpe, fortel festivalsjef Eikerapen.

— Er det ikkje eit slit å jobbe på dugnad med ein slik festival?

— Jodå, men det har vi gløymt. Det er jo eit år sidan, seier Rune Aasheim og smiler.

tor.h.mosdol@fedrelandsvennen.no