IVELAND: — Eg må seie som kona som kom bort til meg her om dagen: "Hadde det ikkje vore for Bjørg, hadde du aldri fått dennen". Det er noe der, sa 78 år gamle Øina då han takka fylkesmann Øystein Djupedal for Kongens Fortjenstmedalje under ein middag på Grosås onsdag.

Hovudpersonen tok fram den sørlandske varianten av låg tale då an la til:

— Eg kan ikkje akkurat seie eg ikkje er kry.

Ikkje rart, for det er ikke kvart tiår det vanker slik kongeleg heider til noen frå Iveland.

MÅTTE SJÅ: Salve Øina meiner han har mykje å takka kona Bjørg for. Ho måtte sjølvsagt sjå ekstra på den kongelege medalja. Foto: Odd-Inge Rønning Uleberg

— Enkelte menneskje har eit engasjement og eit overskot som dei deler og som gjer verden til ein betre stad. Salve Øina er ein slik ein, sa Djupedal i sin tale.

Finger i alt

Du kan nemne kva som helst i Iveland. Navnet til Øina dukkar fram. Han har ein finger med i alt. To bygdebøker har han redigert. Fem historiske bygdespel har han skrive. I 32 år var han likningssjef.

Han har vore i soknerådet, i politikken, i sundagskulen, han har hatt ein finger med i utbygging av museum. Han har skrive store artiklar i "Jol i Setesdal", for ikkje å snakke om dei mange tiåra han har vore med i Noregs Mållag. I tiår har han vore med i Iveland menighet og han har bygd opp eit eige kyrkjemuseum. Framleis deltek han med historiske forteljingar til skuleborn i bygda.

Eg er ikkje veldig god til noe, men eg trur eg er ganske god til mykje

Ein unik person

Ordførar Gro-Anita Mykjåland sa at ingen har gjort meir for lokalkulturen og identiteten til Iveland enn Salve. Ho snakka om at han er ein unik person som har vevd fortida saman med notida og gjeve ivelendingane kunnskap om kor dei kjem frå og kva bygda er tufta på.

Samtundes har Salve Øina teke seg tid til alskens kulturarbeid, frå keramikk til knivsmiing, rosemåling og måleri. Nokre av måleria heng i offentlege bygg.

- Kunne vore verre

— Eg er jo støtt avstad på noe. Men alltid når det stikk litt i samvitet for dei heime, har eg tenkt: Eg kunne jo ha halde på med mykje verre ting, sa Øina til familie og vener som hadde møtt fram på Grosås.

Fylkesmann Djupedal nytta mange store ord, og sa at vi treng fleire slike ildsjeler. Sjølv oppsummerte Øina sin store innsats på denne måten.

— Eg er ikkje veldig god til noe, men eg trur eg er ganske god til mykje. Det er vel derfor ein er borti så mykje rart.

Snart kjem han bort i endå meir, for om ikkje lenge tek han med seg kona Bjørg til kongeleg audiens på Slottet.