HEILÅRSBÆR: Mona Sundberg haustar inn jordbær frå Bjorå gartneri. Dei veks i vatn som kjem frå fiskekummar fulle av brunaure. Det sparer gartneriet for utgifter til både gjødsel og energi. Etter kvart skal tomatane også dyrkast på denne måten. Foto: Kjetil Reite

EVJE OG HORNNES: På Bjorå Gartneri var det ein gong ein gedigen omn som vart fyrt opp med kol. Den gav varme til gartneriet. Nå er omnen borte og erstatta av åtte kummar som blir fylt av innlandsfisk.

Ut frå kummane strøymer det næringsrikt vatn, eller "vatn full av fiskebæsj" som eigar Knut Helleland kallar det. Det endar opp i gartneriet der sambuar Maria Sundberg plukkar jordbær som stikk opp frå planter i isoporplater. Plantene veks kun i vatn frå kummane.

— Bjorå Gartneri har levert grønsaker i 35 år, og tomatane er kjende i heile distriktet. Vi ville finne ein måte vi kunne drive dette vidare på, seier Knut Helleland, som i 1997 kom til Evje og Hornnes saman med sambuaren.

Fleire tomatar

Etter at Knut Helleland og Maria Sundberg overtok gartneriet, har både straumprisar og gjødselprisar stige.

— Veit du kva det kostar for ein sekk gjødsel i dag? 500 kroner for 25 kilo! Eg trur gjødsel vil bli eit problem i framtida, seier Helleland.

I tillegg til gjødsel, trengs det vatn som skal varmast opp, straum til lys og oppvarming og nokre tonn matter. Det er ikkje sikkert inntekter frå tomatar klarer å finansiere alt dette.

Dermed kom ideen om aquaponics, ein teknikk Knut Helleland fekk nærare kjennskap til under ein studietur i Canada. Gjødsel frå sekkar er erstatta av gjødsel frå fisken. Matter og jord er det ikkje lenger bruk for, sidan plantene veks i vatn.

Også energibruken vil gå ned, sidan vatnet går i kretsløp og ikkje treng varmast opp.

— Min ambisjon er at alle plantene skal vere på vatn innan 2013. Klarer vi det, kan vi redusere energibruken med ein fjerdedel. Det vil seie 250.000 kroner i året.

Dyr moro

INNLANDSFISK: Oppdrett av ferskvassfisk på land har vore problematisk, på grunn av utslepp frå fiskekummane. Med den nye teknikken på Bjorå gartneri, blir vatnet frå kummane brukt som næring for plantane i staden for å bli sleppt ut i Otra. Her prøver Nikoali Saropov frå Estland å fange eit eksemplar under oppsyn av eigar Knut Helleland. Foto: Kjetil Reite

Sidan tomatane har tilgang på ubegrensa mengder oppvarma vatn, meiner Helleland at han også kan produsere fleire tomatar. Opptil 20 tonn ekstra i året, trur Helleland.— Det som er så spanande med dette, er at vi kan klare oss med mindre energi og samstundes produsere meir.

Han skal likevel dyrke adskilleg med grønsaker for å kunne forsvare investeringa. Heile anlegget har kosta seks millionar, inkludert offentleg støtte frå regionrådet i Setesdal, Evje Utvikling og forskningsfondet RFF.

— Kva med fisken?

— Klarer vi å få den opp på eit halvt kilo, er det bra. Då kan vi kanskje bruke den til rakfisk. Det hadde vore optimalt.

Men framleis må Helleland ha anna arbeid ved sidan av. Aquaponic-anlegget er førebels eit pilotprosjekt som ikkje gjev dei store inntektene.

— Vi vil at Bjorå skal bli det første gartneriet i Noreg som brukar denne teknikken. Eg blir kontakta av folk frå heile verda som er interesserte i dette, sier Helland.

Klimanøytralt

Utanfor gartneriet har han og sambuaren planar om eit flisfyringsanlegg. På eigedomen renn også elva Gymsåna forbi. Draumen er eige kraftverk.

— Vi kan faktisk bli det første klimanøytrale gartneriet i heile Europa!

Slik skal altså gartneriet som Olav Bjorå eigde fram til slutten av 90-talet leve vidare.

— Noreg er i ferd med å bli som det gamle Romarriket der ingen produserte maten sin sjølve, og i dag må vi spørre oss kven som vil produsere den. Noreg er faktisk eit bra land for å dyrke tomatar, og snart kan vi kanskje gjere det klimanøytralt, sier Helland.

Lettare å drive oppdrett

Den nye teknikken som blir testa ut på Bjorå, vil gjere det lettare å drive med oppdrett av innlandsfisk, sidan alt vatnet blir resirkulert.

Problemet med denne type innlandsoppdrett har vore utslepp som har ført til oppblomstring av alger og fare for at smitte vert spreidd til vill fisk.

— Med denne teknikken, får ein næringsstoffet i avløpsvatnet inn i ny produksjon i staden for å sleppe det ut i vassdrag, seier Helge Liltved, forskningsleiar ved Norsk institutt for vannforskning (NIVA).

STORE INVESTERINGAR: Med hjelp av offentlege og private midlar, har Knut Helleland og sambuar Mona Sundberg investert seks millionar i det nye anlegget på Bjorå. Målet på lang sikt er å gjere gartneriet klimanøytralt. Her står Helleland ved filteret som filtrerer vatnet frå fiskekummane og gjer det brukande for plantene i gartneriet. Foto: Kjetil Reite

Han er med i forskningsprosjektet knytta til anlegget på Bjorå.— Det er mange gartneri der planter veks i vatn og der dette vatnet vert gjødsla. Det unike her er korleis ein klarer å kombinere dei to systema, seier Liltved.

Spørsmålet er likevel om innsparingane til energi og gjødsel kan finansiere investeringane ein er nøydd å gjere.

— Det fins få kommersielle anlegg av denne typen, så vi har lita erfaring med storskala drift. Men vi trur det kjem i framtida, og vi vil få gode data frå Bjorå som fortel oss korleis vi skal gjere dette.

Fakta:

Aquaponics

I moderne gartneri, er det vanleg å dyrke plantar i vatn og tilføre vatnet gjødsel.

På Bjorå gartneri er det nå i gang eit prosjekt som kombinerer oppdrett av innlandsfisk med plantar i vatn. Teknikken kalles aquaponics.

I tillegg til Bjorå gartneri, deltek Niva, Bioforsk og bedriften Feedback.