— Mykje viktigare enn at eg får ein slant pengar, er vedtaket om å innføre ei ny ordning for å støtte kulturarva i Setesdal, seier Bjørgum til Fædrelandsvennen.

Sa i frå

Bjørgum sa klart i frå og brukte ordet «kulturfiendeleg» då han tidlegare i vinter ikkje fekk pengar verken i regionrådet eller Bykle kommune til si store CD-satsing «Taddeivs minne».

«Taddeivs minne» skal få fram mest mogeleg av det faren, Torleiv Bjørgum, spelte. Torleiv Bjørgum fekk spelemannspris og er ein av dei aller største kulturberarane i Setesdal i nyare tid.

Regionrådet avslo å gje pengar sidan dei berre støtter næringsliv. Dette klaga Hallvard Bjørgum på, og no har regionrådet handsama denne.

- Stor siger

Bjørgum får ikkje pengestøtte no heller, sidan regelverket er som det er i regionrådet. Samtundes tek rådet til ordet for å endre reglane og innføre ei ny kulturstøtte-ordning, etter initiativ frå Valle-ordførar og regionleiar Tarald Myrum.

— Det vil eg kalle ein stor siger. Dette kan bli veldig bra i framtida. Det er mykje materiale av regional og nasjonal verdi som med må ta vare på å vise fram, seier Bjørgum.

Det samrøystes vedtaket i regionrådet lyder:

«Styret ser at det kan vere aktuelt å medverke til etablering av ei ordning for å yte støtte til dokumentasjon, formidling og publiseringar med vidare av eigenarta kulturarv og kulturbering i Setesdal. Ordninga kan omfatte både immateriell og materiell kulturarv med regional og nasjonal interesse. Styret ber om at det blir førebudd eit initiativ i høve aktuelle aktørar for å drøfte etablering av ei slik ordning - med museum/ arkiv, organisasjonar og andre.»