EVJE OG HORNNES: I begge Agder-fylka har fylkesmennene i år fått inn langt færre søknader om erstatning for skade på husdyr enn dei fekk i fjor.Før teljingane er avslutta, kan viltforvaltar Helge Lyngstad slå fast at han i år har fått i overkant av femti søknader om erstatning. I fjor var talet over hundre.— Det har ikkje vore nokon skadar som er knytta opp mot ulv eller sau. I tillegg har det vore få dokumenterte gaupeskadar, seier han.Tvilar

Innan ein månad vil sauebøndene som har søkt om erstatning få svar på om dei får erstatning for rovdyrskade. For å få det må Fylkesmannen ha dokumentasjon på at rovdyr er skuld i skadane. Fleire sauebønder meiner manglande dokumentasjon er hovudgrunnen til at talet på rovdyrskadar er gått ned det siste året.- Eg har ikkje noka tru på at det er nokon reduksjon i rovdyrskadane. Det er nokså tilfeldig kva funn og observasjonar som blir gjort, seier leiar i Hornnes Vesthei Beitelag, Helge Fossen.Han seier erstatningsordninga frustrerer saueeigarane sidan dei ofte har problem med å påvise at det verkeleg er rovdyr som er skuld i sauedrapa.- Det som skjer er at nokre får erstatning sidan det er sannsynleggjort at det er rovdyrskade, medan naboen kanskje ikkje får fem øre for sine tap, seier Fossen.Ifølgje bøndene sine eigne tal har saueeigarane på Hornnes i år tapt 12 prosent av sauene og 22 prosent av lamma.- Folk orkar ikkje ha sauer lenger. I vårt beitelag har medlemstalet gått ned frå 30 til seks medlemmer sidan slutten av åttitalet. Berre det siste året er det tre som har slutta med sau, seier Helge Fossen.Ikkje dokumentert

Viltforvaltar i Aust-Agder, Helge Lyngstad, stadfestar at rovviltkontaktane har undersøkt fleire kadaver der dei ikkje kunne slå fast at det har vore rovdyr på ferde. Desse saueeigarane kan ikkje vente seg erstatningIfølgje Vest-Agder sin viltforvaltar, Tom Udø, er noko av grunnen til nedgangen for 2000 at det i 1999 ved fleire høve vart gjeve erstatning utan at det var dokumentert rovdyrskadar. Dette skjedde i samband med herjingane til den radiomerka ulven.- I år var sauene på innmark då ulven herja. Difor var det lettare å få oversikt over tapa. Dessutan vart ulven skoten før sauene skulle ut på beite, seier Udø.