VALLE: Kommunen eig i dag både skitrekk, varmestove og nistebu i Brokke gjennom sitt eige selskap Brokke Skianlegg. Heile skianlegget blir i dag leigd ut til eit eige selskap som står for drifta av bakken.

Nå klarer ikkje leigetakarane å betale leiga si, og dermed er det pengemangel i det kommunale Brokke Skianlegg.

— Vi skal ta stilling til om vi skal gå inn med pengar i det kommunale selskapet for å syte for at dei har ressursane dei treng i denne perioden, seier Tarald Myrum (Sp), ordførar i Valle.

Unnteke

Formannskapet i Valle skal onsdag ta opp saka om tilskot i eit lukka møte. Tarald Myrum stadfestar at bakgrunnen for problema er leige som ikkje er betalt av driftsselskapet Brokke Alpinsenter. Men han vil ikkje sei kor stort tilskot det kan bli aktuelt å gje.

Styreleiar i driftselskapet, Bjørn Dag Truchs, seier at det dreiar seg om mellom 200.000–300.000 kroner som ikkje er betalt.

Grunnen til betalingsproblema er den dårlege økonomien i skitrekket. Trekket har dei siste åra klart seg kun på grunn av at eigarane har gjeve tilskot eller ny eksjekapital.

Offentleg hjelp

Det offentlege har vore sterkt inne i utbygginga av Brokke og Tarald Myrum har anslått at kommunen har gått inn med rundt 30 millionar. Delar av dette er utbyggingsavtalar der kommunen har bidrege til å bygge ut infrastruktur i hyttefelt.

Men også Brokke Alpinsenter (driftselskapet) har vore nøydde til å få hjelp frå det offentlege. Aust-Agder Næringsselskap sit nå med 49 prosent av aksjene etter å ha delteke i ein emisjon som skulle gje selskapet meir pengar.

Saka om tilskot skal opp i både formannskapet og kommunestyret.