VALLE: Dei to utbyggingsselskapa i Brokke selde i fjor kun åtte hyttetomter. Det er dårleg nytt for Valle kommune. Dei har allereie lagt ut 18 millionar til løypetrasear og infrastruktur i Brokke, ifølgje ein oversikt frå kommunen. Av dette skulle dei få tilbake omlag 10 millionar frå utbyggarane gjennom sal av tomter. For kvar tomt skal kommunen få 54.700 kroner.

I tillegg var det planar om ei omfattande utbetring av vegen til 40 millionar. Også dette skulle finansierast gjennom tomtesal.

TREGT SAL: I heile fjor vart det selt åtte hyttetomter gjennom dei to utbyggingsselskapa i Brokke. Til nå i år er det selt seks, men utbyggarane trur salet tek seg opp etter haustferien. Foto: Kjetil Reite

Men med åtte hyttetomter i fjor, får kommunen kun inn i underkant av ein halv million. Valle kommune har til saman sendt ut rekningar for 3,5 millionar etter at avtalene vart inngått i 2006 og 2008.— Det var nok større optimisme då desse avtalene vart inngått enn realitetane har synt. Dette er avhengig av konjunkturane og det må ein berre ta konsekvensane av, sier ordførar Tarald Myrum (Sp)

Den omfattande utbetringa av vegen blir truleg droppa som følgje av at Brokke har blitt mindre populært.

Laber interesse

Både kommune og utbyggingsselskap har investert tungt i skianlegg og infrastruktur i Brokke. Men pengane som skulle kome tilbake, let vente på seg.

— Ein må rekne med store utgifter i samband med oppstarten, men når det fell saman med lågare interesse for tomtene enn det ein hadde rekna med, er ikkje det spesielt gunstig, seier Knut H. Nomeland, dagleg leiar i Kvisle Eigedom.

Utbyggingsselskapet fekk i fjor eit underskot på 2,4 millionar. Dei selde tre tomter til tomtekjøparar i fjor. I tillegg selde dei 30 tomter til selskapet Brokke Panorama, men desse pengane gjekk til ny stolheis der Kvisle gjekk inn med 6,6 millionar.

Med labert sal og høge investeringar, måtte selskapet få til ein ny låneavtale med Valle Sparebank for å kunne få til vidare drift. Trass i negativ eigenkapital, er det likevel forsiktig optimisme i selskapet.

— Den labre interessa for tomter ser ut til å vere eit fenomen som gjeld for regionen og for heile landet. Men det kan virke som om interessa er på veg opp nå. Vi ser noko av dei same tendensane som på Hovden, seier Nomeland.

Det har likevel berre blitt selt ei tomt i år, men Nomeland legg til at det vanlegvis tek seg opp med sal frå haustferien.

Ikkje Klondyke

Det andre utbyggingsselskapet i Brokke klarer heller ikkje å levere særleg med inntekter til hverken eigarar eller kommune. Brokke Eigedom selde kun fem hyttetomter i fjor.

— Det er ikkje noko Klondyke. Folk er blitt meir forsiktige når dei investerer, og då er ikkje hytte det dei prioriterer. Det er ikkje noko spesielt for Brokke, det gjeld generelt, seier Rolf Kaafjord, styreleiar i Brokke Eigedom.

Fram til påske i år selde dei fem tomter, altså like mykje som i heile fjor. Nå håpar utbyggarane på hausten.

— Det skulle vore ti hyttesal i fjor og helst endå meir. Men klarer vi å selje mellom fem og ti, er det break even, seier Kaafjord.

Vegplanar kan bli droppa

Då Brokke vart bygd ut, såg kommune og utbyggarar for seg breiare veg til Brokke med to rundkøyringar. I utbyggingsavtalene som blei inngått i 2008, er vegen kostnadsrekna til 40 millionar.

Vegen skulle finansierast gjennom sal av hyttetomter, men nå kan store delar av planane bli droppa.

— Vi ser at det har vore vesentleg mindre trafikk frå hytteområdet enn forventa. Difor er det ikkje grunnlag for å bruke hytteutbygginga for å utbetre veg, seier ordførar Tarald Myrum.

Planane er nå skalert ned og omfattar kun ein gang- og sykkeleveg på den første delen mellom Hylestad og avkøyringa til Berg.

Myrum må også konstatere at hytteutbygginga heller ikkje har finansiert det kommunen alt har lagt ut for.

— Kva har det å seie for kommuneøkonomien?

— Eg vil ikkje sei at det har avgjerande innverknad på kommuneøkonomien, for vi har ikkje budsjettert med desse inntektene i økonomiplanen. Men det er likevel negativt at det tek lengre tid å få inn desse pengane enn vi hadde trudd, seier Myrum.

Valle kommune har finansiert sin del av investeringane gjennom fond og lån, og Myrum trur ikkje dette er tapt.

— Her kan situasjonen endre seg rimeleg raskt. Vi ser tendensar til betre tider, og den økonomiske situasjonen i Noreg er god. Så eg har god tru på oppgang.