BYGLAND:Fredag møtte den tidlegare samferdsleministeren dei to ordførarkandidatane som ikkje greier å bli samde om bomveg i Setesdal. Torbjørn Borgi frå Bygland og Svein Tallaksen frå Evje og Hornnes vil bli ordførar i kvar sin kommune. Men berre Tallaksen vil ha bomstasjon på grensa mellom kommunane.— Seier dei ja til bom i kommunane og i fylket, er det stor sjanse for at bomen kjem. I løpet av dei 18 åra eg har vore med i regjering og Storting, kan eg ikkje hugse at Stortinget har gått mot eit einaste bomvegprosjekt, seier Kjell Opseth.Eit av 60 prosjekt

Bomvegen gjennom Setesdal er berre ein av over 60 bomvegprosjekt som nå blir planlagt i Noreg. Pengar frå staten kombinert med inntekter på bomveg blir sett på som løysinga for fleire regionar som meiner dei har for dårleg veg.- Tidlegare samferdsleminister Odd Einar Dørum inviterte jo til slike spleiselag over ein låg sko. Men det medfører at staten må stille opp med pengar i alle desse prosjekta. Om alle prosjekta blir realisert, kan det bli dyrt og gå ut over andre vegar som skal byggjast ut, seier Opseth.Han reknar med at fleire bomvegplanar vil få same lagnad som planane i Setesdal kan få: Dei blir skrinlagt sidan ingen greier å bli samde. Opseth reknar også med at fleire av prosjekta vil bli stansa av Vegdirektoratet og regjeringa før dei kjem til Stortinget.- Er ikkje så mange bomar ein nokså dårleg idè?- Bomveg kan vere ei god løysing i fleire tilfelle. Det er ikkje tvil om at bomvegar har vore med på å framskynde vegprosjekt og utløyse midlar til vegar, seier Opseth.Ikkje sjokkert

Opseth kom fredag køyrande over fjellet frå Telemark og vidare nedover Setesdal. Han fekk då sjå vegane som av mange vert sett på som så dårlege at det må bomveg til for å ruste dei opp.Den same riksveg 9 har også blitt trekt fram som argument for påstanden om at altfor mange pengar endar opp i prosjekt på Vestlandet og Nord-Noreg og at regionar som Agder hamnar i bakevja.- Det der har høyrt sidan eg tok til som samferdsleminister og lenge etter den tid. Det er ein myte som stort sett er skapt av avisene i Akersgata, seier Opseth.Vestlendingen lot seg ikkje akkurat sjokkere over standarden på riksveg 9.- Om ein ser på denne vegen, har den rimeleg god standard samanlikna med dei vegane ein finn mange stader i Hordaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, seier Opseth.Han brukte dagen i Setesdal på Byglandsfjord Sag, Evjeheimen og i Evje sentrum før han reiste tilbake til heimbygda Førde for å avslutte valkampen der.