ÅSERAL: Det er ikkje dårleg når fleir enn 200 menneske finn vegen til bygdespelet i ein kommune der det bur 900 alt i alt. Lukka var med arrangørane, for sola skein over regnvåte enger der oppe i Sosteli, den gamle buplassen frå folkevandringstida oppe i vest-lia ovanfor kommunesenteret Kyrkjebygd.Sosteli har tre godt bevarte hustufter frå tida mellom 400 og 550 e.Kr. Dei reknest til dei best bevarte i sitt slag i Norden. Utgravingar vart gjort frå 1947 til -49, og Historisk Museum i Oslo har dei rike funna.Gudrun Austegard har teke fatt i dei kunnskapane ein har fått om staden gjennom forskninga på funna, og laga byrjinga til eit bygdespel som det er meininga å bygge vidare på i åra som kjem. Og her er nok å byggje på.Vi møter Tyra, den rike gardskvinna på Sosteli, med sine tre døtrer og alt gardfolket. Her er born og vaksne, unge og gamle, og buskapen både ser og høyrer vi i skogkanten rundt speleplassen. Til gards kjem ein friar frå Setesdal, han vil gjerne ha den eldste dottera til Tyra, men får klårt nei av ungjenta. Men den mellomste systera vil gjerne ha setesdølen, og avtale vert gjort. Like etter kjem Torgrim farbro frå Snartemo ridande, og vil ekte Tyra sjølve. Ho mistenkjer han for berre å vere ute etter garden, og son til Tyra ypper til strid og blir hogd med Torgrims sverd.Her endar spelet slik det er no. Men tidsbiletet er satt, og det var lett for dei meir enn 200 tilskodarane å setje seg inn i stemninga slik det kan ha vore på garden for 1500 år sidan. Ei vidareføring av spelet vil gjere både historia og dialektane levande for komande generasjonar.Etter spelet var det servering av tradisjons-kost. Flarbrød med rjome og møssmør fekk bein å gå på, færre var det som våga seg på dei brune klumpane som synte seg å vere kålrot som var kokt i 12-14 timar. Kaffi frå bål var det vel neppe i Sosteli i folkevandringstida, men det var det i går, mens rabarbrasaften som ¢g blei servert nok var meir historisk.Det var stor stemning på den gamle buplassen i går, og dei mange aktørane og dei som stod bak spelet fekk lang og rikeleg applaus.