BYGLAND/ÅSERAL: Bygland vil at vegen skal kome ned på Ose. Dette alternativet opnar for den største hytteutbygginga og vil i tillegg styrke den vesle grenda. Medan Åseral går inn for at vegen skal kome ned på Heggland, lenger nord i Setesdal. Dette er det billegaste alternativet.— Dessutan er vi i Åseral interesserte i å kome oss fortast mogleg nordover. Vi har allereie veg over til Evje, seier næringssjef Øyvind Moltumyr i Åseral kommune.Eit førebels overslag frå Plankontoret Halvard Homme viser at det vil koste 20,6 millionar å legge vegen til Heggland medan prisen blir 28,6 millionar om den skal ende på Ose. Skeptisk fylkesmann

Fylkesmannen i Aust-Agder vil ikkje ha nokon av dei to alternativa. Dei meiner det beste er at vegen går lenger sør, og aller helst at den endar på Skomedal.- Den linja som er vald vil berøre dette området i større grad enn dei som går lenger sør. Det vil dele eit stort urørt område i to, seier Helge Lyngstad hjå Fylkesmannen i Aust-Agder. Også fylkeskommunen har hatt innvendingar mot traseen som Bygland har valgt.Traseen som kommunestyret har gått inn for, er den såkalla «Reiårslinja». Denne traseen har eit enormt potensial for hyttebygging. Her kan det med tida bli plass til opptil 4000 hytter.- Vi må gå inn for det alternativet som vi meiner er best. Så må vi forhandle ut frå det, seier Knut Austad, ordførar i Bygland kommune.Kommunen har dårlege erfaringar frå tidlegare vegprosjekt. I 1997 vart planane om ein veg til Fyresdal i Telemark stansa av miljøvernminister Torbjørn Berntsen, trass i at fylkesmennene i både Aust- og Vest-Agder og begge fylkeskommunane hadde gått inn for utbygginga. Greit for Åseral

Heile den nye traseen kjem til å liggje i Bygland kommune. I Åseral er vegen fram til fylkesgrensa allereie ferdig bygd. Når kommunestyret i Åseral har gått inn for at vegen skal ende opp på Heggland, er det difor berre ei tilråding.- Det hadde sjølvsagt vore best for oss om vegen gjekk til Heggland, men Reiårslinja var alternativ to for oss, seier Jørgen Åsland, ordførar i Åseral.Den planlagde vegen skal betalast av eit spleiselag der både Åseral og Bygland er med. Spørsmålet blir difor om Bygland må betale heile beløpet på åtte millionar sidan dei ikkje gjekk inn for det billegaste alternativet.- Vil Bygland ha ein annan trasé, er det er det naturleg at dei betalar dei ekstra kostnadene, seier næringssjef i Åseral, Øyvind Moltumyr.