ÅSERAL : — Eg er stolt over heimen vår og kunne godt tenke meg å bu her sjølv når eg blir gammal. Slik må det jo vere når ein skal styre ein sjukeheim, elles er ikkje tilbodet godt nok, seier Siren Rosseland, avdelingssjukepleiar på Åseralsheimen. I ei nyleg gjennomført undersøking av kvalitet i pleie og omsorgstenesta i kommunar over heile landet, kjem Åseral ut som den beste kommunen på Sørlandet. Undersøkinga er gjennomført i eit samarbeid mellom Sosial- og helsedirektoratet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunenes Sentralforbund og Statistisk Sentralbyrå. Den tek mellom anna utgangspunkt i kor mange plassar som finnst i einerom, kor mange som har eigen do og dusj og kor mange av dei tilsette som har helse- eller sosialfagleg utdanning. - Desse kriteria går jo ikkje direkte på kor god omsorga er, men når vi ser på våre eigne brukarundersøkningar ser vi også at vi får høge skår. Alt tyder på at bebuarane er nøgde med bustaden sin, seier Rosseland. Stor aktivitet

Åseralsheimen skipar til grillfester, jolefestar og hyggekveldar for bebuarane og deira pårørande. Ofte dreg dei også på tur til Evje for å gå på kafé og handle. Når bebuarane vil, kan dei få følgje ned til matbutikken eller kafeen i Kyrkjebygd. Men også mykje skjer inne. - Vi har trim to gonger i veka. Tysdag er det open dag med bingo, mat og ymse underhaldning. Kvar torsdag har vi fast sosial samling med lefsebaking eller andre aktivitetar. Vi bruker mykje erindringsarbeid og tek opp bestemte tema i samtalane våre. Nå om hausten snakkar vi til dømes om å ta opp poteter. På det viset får bebuarane ei stadfesting på det dei har gjort tidligare i livet og kan prate om det dei veit noko om. Vi har fokus på kva for behov og interesser den enkelte har, seier Rosseland. Best i landet

84 år gamle Dorthea Bakke opnar nøgd døra til rommet sitt. - Det er kjempekoseleg å bu her. Eg seier det til dottera mi, at eg har aldri hatt det så godt som etter at eg kom hit. Eg er så nøgd at eg ikkje kan kome på ein ting eg ville hatt annleis, seier Bakke. Ho er ei aktiv dame som trimmar to gonger i veka og er ofte ute hos hønene som heimen held i ein gård like utenfor verandaen. Turen ned til frisøren gjer ho ein gong i veka. Dei som ikkje er like spreke får vitjing av frisør og fotpleiar på heimen. - Eg trur Åseralsheimen er best i Noreg. Eg har snakka med andre om pleia andre stader. Aldri er maten så god, aldri er stellet så godt, og aldri bryr personalet seg så mykje om bebuarane, seier Bakke. Stolt

Magnhild Thorsland har arbeidd på Åseralsheimen i 18 år og er stolt av arbeidsplassen sin. Ho meiner Åseral er ein god kommune for eldre, med politikerar som er opptekne av at dei skal ha det godt og har ein god dialog med heimen. - Eg blir heilt sjokkskada når eg les i avisa at ein må innføre ein garanti for at folk skal ha rett til å komme på do og få hjelp til å ete til rett tid. Alt dette er heilt sjølvsagt her, seier Thorsland, og meiner grunnen til suksess er enkel:- Haldningane til leiinga og dei som jobbar her! Vi trivst og er glade i kvarandre og bebuarane. Eg trur haldningane våre gjev store ringvirknader på heimen, seier Thorsland.