MÅLSTRID | Som vi veit vil regjeringa skjere vekk sidemålseksamen i ungdomsskulen. I vidaregåande skule skal eit fleirtal verte trekte ut til eksamen, og då berre allmenfagelevane. Framlegget er ein del av stortingsmeldinga «Kultur for læring». Vi ser at det i ungdomsskulen vert gjennomført nasjonale prøver i viktige fag — men ikkje i sidemålet, som for fleirtalet av elevane er nynorsk. Dette er tiltak som vil svekke nynorsk som opplæringsmål og bruksmål.At det ikkje vert gjennomført nasjonal prøve i sidemålet er eit signal frå utdanningsministeren om at kunnskap og innsikt i nynorsk skal takast mindre alvorleg. Ho veit så inderleg vel at fag utan eksamen misser status, og at eksamen i stor mon styrer undervisninga.Då hjelper det lite å seie at sidemålet framleis skal vere både skriftleg og obligatorisk. Det er slik i dag at kjennskap til dei nordiske grannemåla er ein obligatorisk del av norskfaget. Korleis denne plikta vert teken vare på av lærarane, kan trygt seiast å variere sterkt ut frå personlege og faglege interesser. Slik vil det alltid vere med fag der det ikkje er eksamen. Stortingsmelding nummer 30 nemner tiltak for å styrke nynorsken. Det skal opprettast eit kompetansesenter for nynorsk opplæring. Dette skal visst nok finansierast med dei midlane ein sparer ved å sløyfe eksamen i faget. Under slike føresetnader vil nok kompetansesenteret få eit rikt liv! Dette senteret skal kartleggje stoda for sidemålet, og så finne fram til nye og betre undervisningsmetodar. Det må vere bakvendt at ein først minkar status til faget, for så å finne ut korleis ein kan styrke det.Det føregår i dag kreative forsøk med sidemålsopplæring på Holmlia i Oslo, i Bærum og Åndalsnes. Her er det entusiastiske lærarar som legg godviljen til. Dei tek sidemålet (nynorsken) inn i eit av de andre skulefaga. Her får elevane nynorsk lærebok. Tavleundervisningen føregår på nynorsk. Opplegget er gjort i samarbeid med foreldra, og elevane tykkjer det er spanande og moro. Læraren si haldning til eit fag er avgjerande for elevane sin faglege innsats. Språk er stadig i utvikling, og eg trur at norsk språkutvikling vil tape mykje på ein reduksjon av det nynorske sidemålet.Oddmund VikenKristiansand