VALLE: Styreformann for Setesdal Vesthei-Ryfylkeheioene forvaltningsregime, Valle-ordfører Steinar Kyrvestad, gratulerer Knut Arild Hareide med vervet. Det gjør han med et ønske om snarlig møte:

«Gratulasjonar frå villreinen sitt rike i sør,» skriver Kyrvestad. Videre heter det i brevet til miljøvernminister Hareide:

«Som eitt av fire store verneområde i landet er vi inne i eit forsøk med lokal forvalting.

I og med at vi er inne i eit forsøk seier det seg sjølv at vi er i støypeskjea og avhengige av velvilje frå styresmaktene for å kunne lukkast. Det er difor viktig for oss å ha dialog og vere lydhøre i høve til politiske taktskift.

Vi har utarbeidd forvaltingsplan som nyleg vart godkjent av Direktoratet for Naturforvalting. I det har vi fått nedfelt mange intensjonar og prinsipp for korleis vi vil fylle den lokale forvaltinga med eit bærekraftig innhald — både i høve til vernet, men og i høve folk med interesser i heiane, anten det gjeld friluftsliv, næringsverksemd eller annan bruk.

Ei av våre desidert størte utfordringar er å skape aksept for vernet og å implementere nye signal om bruk av våre fjellområde i forvaltinga. Til det treng ein både kompetanse og økonomi til å sette i gang målretta tiltak som virkar i same lei.

På vegne av dei fire områda som er lagt ut til forsøk med lokal forvalting ber vi om eit møte med Dykk for å presentere forsøka våre», heter det i brevet.

Kyrvestad minner også om at tidligere invitasjon til miljøvernministeren om å besøke Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiene landskapsvernomåde står ved lag.

johs.bjorkeli@fedrelandsvennen.no