EVJE OG HORNNES: Tidlegare lærar og rektor ved Hornnes barneskule, Alf Georg Kjetså (76) fekk medalja for sin mangeårige innsats for kultur— og lokalhistorie i Evje og Hornnes. Han har samla og registrert fleire tusen gamle bilete frå Evje og Hornnes, både frå den gong dei var eigne kommunar og frå åra etter at dei vart slegne saman til ein.

Kjetså har og laga og sett saman mange lokalhistoriske videoar og dvd’ar frå kommunen.

Entreprenør Kåre Tjessem (68) fekk si fortenestemedalje for stor innsats i kulturlivet, som skodespelar i lokale oppsettingar, som songar og som underhaldar på eit breidt plan. Også Tjessem sin innsats som entreprenør og utvikling av næringslivet i Evje og Hornnes vert framheva då ordførar Bjørn A. Ropstad delte ut medaljene i Otrahallen.