VALLE: — Det har kome nokre reaksjoner på at kommunen tok ned korset og vi ynskjer at det vert sett opp att, seier Bjørgulv T. Berg, leiar i Valle og Hylestad sokneråd.

Det gamle menighetshuset i Valle sentrum er kjøpt av Valle kommune. I den samanheng fjerna folk frå teknisk etat korset på huset.

— Det er no eit kommunalt bygg på lik linje med andre kommunale bygg. Det vert leigd ut til menighetshus, men også til andre aktivitetar, seier rådmann i Valle, Eivind Berg.

Han synes ikkje det er naturleg med eit kors på det kommunen no omtalar som eit "kommunalt kulturbygg".

KUN OMRISSET IGJEN: Korset er borte.

Tilbake

Menighetsrådet gjorde i sommar eit vedtak der dei ber Valle kommune henge korset tilbake. Dei meiner at så lenge bygget også vert brukt til menighetsbygg, er det naturleg med korset.

— Meininga har vore å bruke bygget som før, sidan det ikkje er bygd noko erstatningsbygg. Sidan det framleis er i bruk, ynskjer vi korset tilbake, seier Bjørgulv T. Berg.

No skal formannskapet i Valle avgjere saka. Rådmann Eivind Berg seier i si innstilling nei.

"Ein har stor forståing for dei som påpeikar det «kulturhistorisk» med Meinigheishuset og at dette er ein del av identiteten til Valle sentrum. Men tidene har forandra seg og soknerådet har selt bygget og då er det ikkje like naturleg med denne type «signaler»", skriv han i si innstilling.

Positive reaksjonar

Det er planar om å sette opp eit nytt menighetsbygg i Valle. Menighetsrådet meiner korset må opp att fram til dette er ferdig.

— Dette er inga stor sak for oss, men det er nokre i soknerådet som har fått reaksjonar. Difor ber vi formannskapet om at dei set det opp att, seier Bjørgulv T. Berg.

Rådmann Eivind Berg seier at dei også har fått positive reaksjonar på at korset er fjerna.

— På ein måte kan eg forstå reaksjonane. Men her er det reaksjoner frå begges sider. Nokre synes det er greit medan andre reagerer negativt. Eg kan forstå dei som reagerer negativt sidan bygget alltid har vore slik, seier Berg.

Formannskapet i Valle skal ta opp saka onsdag i neste veke.