BOKForfattar: Toril Hjartåker HaugeTittel: LYSRomanForlag: SamlagetDebutroman med gode tilløp, men for lange dialogar.Debutanten Toril Hjartåker Hauge har skrive om Irene — og tre menn: Bengt, Are og Lars. Dei to siste er brør. Vi følgjer Irene frå ho er 12-13 år gamal, og forelskar seg i den langt eldre Bengt, til ho er godt vaksen, mor, gift - og ikkje så langt unna skilsmisse. Teologistudenten Bengt kallar henne «Ljoset mitt», men etter å ha vore erklærte kjærastar ei tid, finn Bengt seg ei anna. Irene kjenner det som eit grovt svik, og har ei kjensle av å ha skusla bort mykje av ungdomstida si. Når så Irene begynner å studere i Bergen, treffer ho først Are, deretter også Lars. Den barnlause Lars bed henne om noko heilt spesielt - for å seie det varsamt - men kva skal eg ikkje røpe her.Tittelen Lys opplever eg som ironisk meint frå forfattaren. Når Bengt finn seg ei anna, greier ikkje Irene å kvitte seg med minnet om han som kalla henne «Ljoset mitt». Det dannar ein knute i henne, ein knute som følgjer henne inn i dei nye kjærleiksforholda ( viss det då er det? ).Det er gode tilløp i denne romanen, særleg er Irenes forhold til Bengt fint og vart skildra. Språket smakar det også fugl av iblant. Men fokuset, hovudtemaet - sviket til Bengt, og Irenes manglande evne til å lausrive seg - vert for reindyrka. Dessutan burde, etter mi meining, forlaget / konsulenten ha sørgt for at ein del av dei lange dialogane hadde blitt kutta ned.Men, så også det er sagt, forfattaren har utan tvil eit litterært talent.Bjarne Tveiten