Ifølgje lokalavisa Setesdølenvar det to grunnar til at biskopen ikkje fekk møte elevane ved skulen på Byglandsfjord. For det første passa ikkje visitasen inn i planane for skulen og for det andre likte ikkje dei tilsette biskopen sine teologiske haldningar.

Rådmann Aasmund Lauvdal stadfestar overfor avisa at det mellom anna dreia seg om biskopen sitt syn på homofili.

— Vi hadde håpa at dei ville ha teke imot biskopen og lytta til det han hadde å seie. Men vi respekterer synet og meiner løysinga vi fann var praktisk og god, seier Lauvdal til Fædrelandsvennen.

Biskop Stein Reinertsen er rekna som ein konservativ biskop og er mellom anna imot at Den norske kyrkja skal vie homofile par.

Alternativ

Då Byglandsfjord oppvekstsenter sa nei til visitas, vart løysinga at biskopen i staden besøkte Bygland skule. I tillegg var han på fleire andre stader i kommunen.

— Vi har ikkje fått nokre andre tilbakemeldingar på at folk ikkje ynskja besøk av biskopen. Han kom ikkje for å formidle sitt teologiske syn, men for å treffe folk, seier Lauvdal.

Biskop Stein Reinertsen seier at han respekterer at Byglandsfjord oppvekstsenter ikkje ville ha besøk av han.

— Eg blei tatt veldig godt imot og i Bygland og møtte åpne dører. Så er det slik at biskopen ikkje kan presse seg inn. Om folk ikkje vil ha besøk, så bruker eg ikkje meir tid på det, seier Reinertsen til Fædrelandsvennen.

Han hadde likevel sett pris på å få kome til Byglandsfjord oppvekstsenter.

— Reint generelt vil eg sei at det å ha din samtale er ein betre måte å skape forståelse på enn å ikkje møtes i det heile tatt. Eit åpent samfunn der vi møtes på tvers av ulike meiningar har mange kvaliteter. Det er mi erfaring seier Reinertsen som ikkje tidlegare har opplevd å bli nekta å kome på visitas.

Personalmøte

Avdelingsleiar på Byglandsfjord oppvekstsenter, Katharina Skavoll, ynskjer ikkje å kommentere saka og overlet det til rådmann Aasmund Lauvdal. Til Fædrelandsvennen seier Lauvdal at visitasen vart diskutert i eit personalmøte på oppvekstsenteret.

Der vart dei samde om å sei nei til å ta imot Reinertsen.

— Vi tok då dette opp med prost og kirkeverge og flytta visitasen til Bygland skule, seier Lauvdal.

Prost i Otredal, Gunnar Ellingsen, vil ikkje kritisere Byglandsfjord oppvekstsenter.

— Dette må vi nok forvente i dagens samfunn. Men det er synd at menneske ikkje vil møte til ein open samtale. Biskopen er sjølvsagt open for ein diskusjon også om slike tema, seier Ellingsen.

Som legg til:

— Vårt møte med Bygland var veldig flott. Biskopen imponerer meg i møte med andre menneske.

Kontroversielt

Både noverande biskop Stein Reinertsen og tidlegare biskop Olav Skjevesland har vore mot å vie homofile. Stiftsdirektør ved Agder og Telemark bispedømme, Tormod Stene Hansen, kjenner ikkje til den konkrete saka i Bygland. Han seier at det er uvanleg å sei nei til visitas.

— Eg kjenner ikkje til nokon tilfelle der ein biskop frå Agder har blitt nekta å kome på visitas sidan han har eit konservativt teologisk syn, seier Hansen.

Han legg til at det er meir truleg at biskopar med eit liberalt syn i homofilisaka har blitt nekta å kome på besøk.

Det opplevde mellom andre dåverande biskop i Hamar, Rosemarie Köhn, då ho i 2004 skulle besøke Hareid i Møre og Romsdal. Kapellan Michal Møgster nekta då å la henne tale under gudstenesta. Også tidlegare biskop i Ola Steinholt vart forsøkt nekta å halde gudsteneste i Kautokeino i 1998 sidan han anerkjente homofilt samliv.

— Dette viser at uansett kva syn du har, så møter du utfordringar. Det er slik det er å ha meninger i det offentlige rom, seier Stein Reinertsen.