Bygland: — Den første brannen var ekstremt traumatisk og tragisk, men vi blei mykje rolegare då vi såg at mange av tinga våre ikkje var ødelagde. Vi kunne sjå at bileta framleis hang på veggen, dei var berre sota. Men så blussa brannen opp att, og det er det som gjer heile historia så forferdeleg. Då mista vi alt. Det er ei stor tragedie, fortel Jan Hansen forferda.Fredag brann huset første gongen. Jan var heime og havna midt oppi det.- Eg satt i stova og såg på hopprennet. Plutseleg høyrde eg brannalarmen i gangen. Eg opna døra og då var gangen heilt fylt med røyk. Eg tok tak i hundane og fekk dei ut, så sprang eg inn og henta kaninburet. Etter det hugsar eg berre brotstykke, og tidsperspektivet mitt er heilt vrangt, fortel Hansen stille.- Eg kan ikkje beskrive brannen som anna enn eksplosjonsarta. Det gjekk i ein slik fart at det er uråd å beskrive. Eg fekk panikk og sprang ut og inn av huset mange gonger for å finne den eine hunden som hadde følgt etter meg inn igjen. Til slutt var det ein mann som fekk roa meg ned og eg forstod at det ikkje nytta lenger.Då brannen fredag var slokka ville familien gjerne hente tinga sine. Men det fikk dei ikkje lov til fordi brannvesenet og forsikringsselskapet skulle gjere sitt først. - Vi trøysta ungane med at ikkje alt var øydelagt. Det var ting som hadde veldig stor affeksjonsverdi for oss, ting som familien hadde laga, bilete og videofilmar av borna. Det at brannen blussa opp att og at vi tapte alt likevel, gjer det ekstremt vanskeleg for borna å takle. Vi har hatt store problemer med å fordøye at vi ikkje fekk hente tinga våre. All historia vår frå laurdag og bakover er borte, seier Jan Hansen.Familien vil gjerne rette ein stor takk til dei som har hjelpt dei.- Det er viktig for oss at bygda veit kor mykje vi set pris på all hjelpa vi har fått. Dei har skaffa tøy, vist omtanke og omsorg, og hjelpt til med praktiske ting, fortel de.- Det er ei forferdeleg tragedie. Eg er berre glad vi er i live alle saman. Eg trur ikkje vi klarer å fordøye dette før det har gått nokre dagar, seier Anita Hansen.lene.gunvaldsen@fvn.no