ÅSERAL: — Alle slike område er veldig viktige og det er svært stor press mot dei i heile Agder, seier Birger Westergren, leiar i Norsk Ornitologisk Forening.Foreninga omtalar området som skal byggast ut i Åseral som «svært viktig». Det er Ivar Åsland som har bede om å få bygge ut området som ligg ved elva ikkje langt frå prestegarden. Også administrasjonen i Åseral kommune har sagt nei til planane. Det krevst store mengder fyllmasse for å få heva våtmarksområdet og eit slikt inngrep er for stort, meiner saksbehandlar Astrid Marie Engeli.Men politikarane i kommunen har ikkje følgd rådet frå administrasjonen. Eit samrøystes næringsutval har gått inn for at Åsland får lov å fylle ut området.- Utfylling og drenering er det største trugsmålet mot våtmarksområda våre, seier Westergren.Utvalsleiar Bjarne Verdal har kalla inn til ekstraordinært møte for å få ei rask avgjerdsle i saka. Ivar Åsland har nemleg tenkt å nytte fyllmasse frå vegbygging som nå pågår i området. - Dyrkinga kan vanskeleg bli aktuell seinare, skriv han i eit brev.Fylkeslandbruksstyret kjem sannsynlegvis til å behandle saka på sitt møte i slutten av august.