LILLESAND: — Eg har aldri drøymt om å få ansiktet mitt på ein vin. Ikkje i min villaste fantasi, seier slaktaren Jens Eide i Lillesand.

Vinimportøren Geir Eikeland i Excellars har derimot lenge drøymt om å laga ein folkevin. Den er laga i Frankrike, men skal passe til norsk tradisjonsmat.— Det heile starta med små samtalar. Eg hadde høyrt om han, og han om meg, fortel Eide.

Ekte og ærleg

Eikeland ville vite meir om kva slags verdiar sørlendingen har, og svaret var ærleg mat. Stikkorda er genuint, ekte og ærleg.

— Du høyrer om ulik matsminke, om røyk som er smurt på produktet. Vi driv ikkje på den måten, det andre gjer får stå for deira rekning, seier Eide.

Eikeland likte tydelegvis svara, for slaktaren og pølsemakaren frå Agder er ein av fire som prydar flaska og deler ei eigen oppskrift.

Nostalgi

— Dette er ein draum han har hatt i ti år, men viner er meir aktuel nå enn nokon sinne. Det blir meir spanande og ekte når ideen har modna, meiner slaktaren.

Slik vert slaktaren presentert på etiketten. Foto: Excellars

Sjølv er han svært glad i vin, og tykkjer Noreg er inne i ein prosess der vin og mat blir viktigare. Han meiner det er tull at norsk mat og vin ikkje høyer saman.— Eg har lyst til at Nynorsk Raudvin skal vere ein katalysator for dei gode norske tradisjonane og medverke til å gjere nordmenn stolte av norsk tradisjonsmat. Det blir produsert nydelege råvarer i heile Noreg, og dei fleste av oss har frå vi var barn fått servert gode norske rettar som vi minnast med glede og nostalgi. Vi ynskjer å gjere nordmenn stolte av norsk mat og norske sauer, kyr og grisar – ikkje alle veit kva for moglegheiter som finst og kva slags kvalitet norske råvarer og norsk mat kan ha. Og mange trur ikkje ein gong at vin passar til norsk tradisjonsmat, seier Eikeland i ei pressemelding.

Nynorsk

Den nye vinen er inspirert av den gamle bestseljaren «Norsk Rødvin», og Eide meiner det er naturleg at den har fått namnet "Nynorsk Raudvin". Sjølv understrekar han at han er ein ekte lillesandar i språket.

— Det handlar om det ekte i vårt språk og dialekt. For meg er nynorsk synonymt med det ekte, forklarer Eide.

Slakteriet hans hentar framleis kvart dyr sjølve, og han legg til at dei har ein historie knytt til kvart dyr og kvar gard.

— Vi har halde på sidan 1946. Sidan det er alt endra, men likevel er ikkje noko endra.