Det eldste bildet i samlinga. Det synes Hornnes kyrkje ei gong på 1870-talet. Det veit ein fordi eit nokså kjent tre ikkje er planta ved kykrja ennå. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså
Snøvinter i Evje sentrum, truleg frå 1950-talet Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså
Ragna Dahl, Tove Tellefsen og Grete Faremo speler i matsalen på Hornnes gymnas 29. november 1969. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså
Flaum i Dåsnes, Hornnes. Der trea står framom butikken er Esso-stasjonen i dag. Legg merke til Bjoren ute til høgre. Det viser at biletet er frå før 1896. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså
Gerd Anni Kjetså, Per Malterudbakken og Martin Kjetså plukkar tytebær nær Breidalsmyra. 3. september 1978. Tytebærtur var noko alle var på før i tida. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså
Ose. Det er ikkje så mange tiår sidan riksvegen gjekk inne i sentrum. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså
Ordførar Bjørn Ropstad takkar fotograf Johan Fennefoss for alle negativ og bilde han har gjeve kommunen. 23. oktober 2000. Fennefoss har vore ein viktig mann for Alf Georg Kjetså. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså
Tog på Setesdalsbanen brøyter snø ved Øvre Gåseflå. Ukjent år. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså
Kulturkveld på Evje 23. november 1973. Olav O. Uleberg taler. Alf Gerog Kjetså har fotografert på særs mange av slike tilstelninger. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså
Frå gravferda til Torgeir Jensson Kittelsaa (Kjetså) i 1888 ved Hornnes kyrkje. Kittelsaa hadde vore ordførar i Iveland/Hornnes, som var ein kommune på 1800-talet. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså
Elgokse på perrongen ved Moisund jernbanestasjon, Setesdalsbanen. Det er Olav Thomassen Hannås som sit på elgen, og det er far hans Thomas O. Hannås som står bak. Bildet er teke etter 1919 då straumen kom til bygda. Truleg er det frå første del av 1920 åra. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså
Frå Sandvandsøygard innanfor Flystveit i Åseral under krigen. Dei som sit framme frå venstre: 1. Jørgen J. Åsland, 2. Arne Berg, 3. Sigvald Thorsland, Dei som står bak frå venstre: 4. Arnold Andersen, 5. Rudolf Åmland, 6. Ånund N. Smeland, 7. Knut Austegard, Hornnes, 8. Ragnar Tveit, Hornnes, 9. Albert Thorsland, 10. Knut Austrud, 11. Åsmund Røysland. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså
Dette er huset til Torgei Nilsson Tveit som han eigentleg heitte. Men blei kalla "Smellen" og budde i denne hytta ved Spangeråsen under Tveitekleivan i Hornnes. Her ser me han utanfor huset. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså
17. mai-toget framfor Hornnes Gamleheim 17. mai 1984. Mange gjekk bak fana til Hornnes Husmorlag. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså
Avduking av statue over Jørgen Løvland i Evje sentrum 7. juni 1976. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså
Bjørn Ropstad, ordførar i Evje og Hornnes. Foto: Kjartan Bjelland
Leonard Jansen, konservator ved Setesdalsmuseet. Foto: Jostein Blokhus

12 år gamal plukka Alf Georg Kjetså blåbær for å tene nok til å kjøpe kamera. Slik kan eit livsverk starte. 80 år gamal har han samla 70.000 bilete og tusenvis av timar med videofilm og lydband.

— Kva som driv meg? Du kan nå spørje du, seier han og vil ikkje svare. Ikkje ennå.

Alf Georg Kjetså. Han nekta militæret og nokon meinte han var ein fare for samfunnet og starta med stygg overvaking. Dei skulle ha visst at Kjetså blei mannen som tok vare på og dokumenterte mest alt av lokalhistorie i Evje og Hornnes. Foto: Odd Inge Rønning Uleberg

Først vil han vise rundt. Han seier Aslaug er grei og tålmodig. Ho har gjeve han hushaldningskjellaren til arkiv. Ei anna kjellarbod er mørkerom og arkiv. Eit tredje rom er studio med videospelarar, lydbandopptakarar, kassettspelarar, cd-spelarar og ein heil gjeng med datamaskinar.

Bakom einkvar mann....

— Eg har ikkje tal på dei timane eg har site her. Eg hadde aldri fått dette til utan Aslaug, seier Alf Georg Kjetså.

Det er vel samlemani.Samstundes har eg ein stor kjærleik til bygda og lokalsamfunnet og ei sterk kjensle for lokalhistorie.

Ulovleg 17.maifeiring på Svindalsheia i Hornnes 1942. Frå venstre Odd Tveit, Odd Uleberg, Gurine Neset, Gudrun Øygard, Magnhild Hatteland, Liv Hatteland, Einar Kjetså, Henrik Moseid junior og Harald Faret. Åsmund O. Kjetså tok dette bildet. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså

Bak omtrent alle menn som får noko til, står ei dugeleg kvinne. Igjen får me prov på det.

Det eldste bildet i samlinga. Det synes Hornnes kyrkje ei gong på 1870-talet. Det veit ein fordi eit nokså kjent tre ikkje er planta ved kykrja ennå. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså

Aslaug har vinka farvel til baklyktene på bilen til Alf Georg mang ei gong. Det er alltid ei til gamal kone eller ein til

Snøvinter i Evje sentrum, truleg frå 1950-talet Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså

gamal mann med eit fotoalbum som skal vitjast.

Ragna Dahl, Tove Tellefsen og Grete Faremo speler i matsalen på Hornnes gymnas 29. november 1969. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså

70.000 fotografi. 1100 dvd-ar med tusenvis av timar videoopptak av menneske frå Hornnes og bygdene rundt.

Flaum i Dåsnes, Hornnes. Der trea står framom butikken er Esso-stasjonen i dag. Legg merke til Bjoren ute til høgre. Det viser at biletet er frå før 1896. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså

Hundrevis av timar med lydbandopptak av gamle folk i bygda og dalen

Gerd Anni Kjetså, Per Malterudbakken og Martin Kjetså plukkar tytebær nær Breidalsmyra. 3. september 1978. Tytebærtur var noko alle var på før i tida. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså

Det er intervju og samtalar om gamle dagar. Ikkje få kulturkveldar og 17. maifestar og skuleførestillingar. Den s

Ose. Det er ikkje så mange tiår sidan riksvegen gjekk inne i sentrum. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså

iste dvd-en er frå kulturskulen sin julefest i desember.

Ordførar Bjørn Ropstad takkar fotograf Johan Fennefoss for alle negativ og bilde han har gjeve kommunen. 23. oktober 2000. Fennefoss har vore ein viktig mann for Alf Georg Kjetså. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså

Neste store prosjekt er å samle alle songane til ekteparet Arne og Gyro Ljosland på cd. Dei var mykje rundt på

Tog på Setesdalsbanen brøyter snø ved Øvre Gåseflå. Ukjent år. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså

bedehus. Han held også på med å lage ein katalog over alle måleria til Bjarne Wattne.

Kulturkveld på Evje 23. november 1973. Olav O. Uleberg taler. Alf Gerog Kjetså har fotografert på særs mange av slike tilstelninger. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså

Alf Georg Kjetså er faktisk på veg til 95 år gamle Gyro så fort Fædrelandsvennen har fått reist. Han må rekke

Frå gravferda til Torgeir Jensson Kittelsaa (Kjetså) i 1888 ved Hornnes kyrkje. Kittelsaa hadde vore ordførar i Iveland/Hornnes, som var ein kommune på 1800-talet. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså

butikken, for han har lova å handle noko for den gamle kvinna i same slengen.

Frå Sandvandsøygard innanfor Flystveit i Åseral under krigen. Dei som sit framme frå venstre: 1. Jørgen J. Åsland, 2. Arne Berg, 3. Sigvald Thorsland, Dei som står bak frå venstre: 4. Arnold Andersen, 5. Rudolf Åmland, 6. Ånund N. Smeland, 7. Knut Austegard, Hornnes, 8. Ragnar Tveit, Hornnes, 9. Albert Thorsland, 10. Knut Austrud, 11. Åsmund Røysland. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså

Den mest kjende og sette filmen til Kjetså er nok den som han laga saman med Olav Arne Kleveland og Kåre

Dette er huset til Torgei Nilsson Tveit som han eigentleg heitte. Men blei kalla "Smellen" og budde i denne hytta ved Spangeråsen under Tveitekleivan i Hornnes. Her ser me han utanfor huset. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså

Hodne om Setesdalsbanen til 100-årsjubileet i 1996.

Elgokse på perrongen ved Moisund jernbanestasjon, Setesdalsbanen. Det er Olav Thomassen Hannås som sit på elgen, og det er far hans Thomas O. Hannås som står bak. Bildet er teke etter 1919 då straumen kom til bygda. Truleg er det frå første del av 1920 åra. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså

«Smellen«

17. mai-toget framfor Hornnes Gamleheim 17. mai 1984. Mange gjekk bak fana til Hornnes Husmorlag. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså

Men først og framst er det bileta. Mange tusen har han teke sjølv, mange tusen er avfotografert frå album. Det

Avduking av statue over Jørgen Løvland i Evje sentrum 7. juni 1976. Foto: Samlinga til Alf Georg Kjetså

eldste er frå 1870-åra og viser Hornnes kyrkje og garden Lunden.Han syner nokre bilete. Eitt er av Torgei Nilsson Tveit. Han blei kalla «Smellen» og eigde stor gard på Tveit i Hornnes. Men han sto i konflikt med mange og tapte mykje på mange rettssaker. Han enda livet i ei stove med jordgolv.

Eit bilete syner ulovleg 17. maifeiring i skogen i 1942, eitt anna syner «gutta på skauen». Dei sit med geværa klare.

Han har høyrt så mykje og snakka med så mange og samla så mykje, Alf Georg Kjetså.

— Etterkvart fekk dei til ein post på kommunebudsjettet. Slik fekk eg pengar til film og kjemikaliar og fotopapir på 70-talet. Det hjalp godt, seier Kjetså.

12 år gamal plukka han blåbær og selde for å få råd til eit kassekamera. Han tok bileta av mykje alt frå femti-talet.

Men det var på 60-talet det byrja for alvor med samling. Då ringde Olav O. Uleberg. Han heldt på å skrive gard- og ættesoge for Hornnes.

— Olav hyrde meg til å ta bilete av gardar og hus. Men så var det ikkje reint få hus som var vekke og som me hadde lyst til å fortelje om likevel. Då måtte me få tak i album og fotografere av, fortel Kjetså.

Sidan har han vitja mange loft og kott og stover i distriktet. Det blei mest som ein mani ei stund å finne nye album å fotografere.

For ein kulturskatt det er blitt. Evje og Hornnes har kjøpt 17.000 bilete som du kan leite deg fram til om du vitjar biblioteket.

70.000 bilete til saman. Han har samla på alle negativ i eit søkbart arkiv. Er det ein 80-åring i Noreg som er takksam for digital utvikling, må det vere Alf Georg Kjetså.

Eg har eitt, stort problem til. Eg nyttar programmet Videodirector som arkiv for alle filmane.

Enormt mykje arbeid

I byrjinga måtte han først framkalle film, deretter framkalle bileta i mørkerom og så arkivere.

På 90-talet kom scannaren. Det hjalp, men det blei ekstraarbeid å scanne inn alt frå arkivet og få det over på data. Alt blei enklare då digital-kameraet kom. Nå er alle bileta arkivert på harddiskar.

I fjor haust rauk den eine, forresten. Då var det krise ei stund. Eit firma på Kongsvinger greide til slutt å trylle fram det tapte att.

— Eg har eitt, stort problem til. Eg nyttar programmet Videodirector som arkiv for alle filmane. Det programmet virkar saman med Windows 98 og Windows XP. Eg har eitt par maskinar ståande med XP for tryggleikens skuld, men eg skulle så gjerne hatt hjelp her. Viss noen veit ei løysing, blir eg retteleg glad, seier Kjetså.

Kva som driv han?

Ulovleg overvaking

Alf Georg Kjetså kunne fort ha pakka sekken og stukke frå heile Evje og Hornnes. Som ung radikalar og pasifist blei han stygt passa på av styresmakter og lokale politifolk. Til og med røystesetelen blei opna og sjekka. For det fekk han 50.000 kroner i erstatning frå Lund-kommisjonen.

Politimeister Rynning Tønnessen i Kristiansand ville vite alt. Kven Alf Georg var saman med, kva han meinte om ting, kva familien røysta, kva status dei hadde i bygda, vener. Alt.

I eit brev står det at Alf Georg er fredselskar, som om det var eit skjellsord. Det står at han er farleg og under visse høve ein som må uskadelegjerast.

Det er mest noko ironisk over at den mannen har gjort alt han har kunna for at ikkje kulturskattane i fotoalbum blei uskadelegjorde. Han har samla og passa på.

Han blei ein vyrd mann etterkvart. «Samfunnsfienden» har fått kulturpris og Kongen har gjeve han fortenstmedalje.

— Kva som driv meg? Det er vel samlemani.Samstundes har eg ein stor kjærleik til bygda og lokalsamfunnet og ei sterk kjensle for lokalhistorie.

— Ting må ikkje verte gløyd. Vi må ta vare på det me kan, seier Alf Georg Kjetså, som har byrja å tenke på kva det skal bli av samlinga, den delen som kommunen ikkje kjøpte i si tid.

Han veit ikkje om han kan stole på skiftande folk i kommunen. I Evje og Hornnes sogelag trur han alltid det vil finnast personar som vil ta godt vare på samlinga.

Men først skal mannen som har sikra fotografisk minne til heile Evje og Hornnes, og bygdene rundt, samle mykje meir.

- Han har samla ein kulturskatt

Leonard Jansen er konservator ved Setesdalsmuseet. Han seier det er eitt heilt spesielt og viktig arbeid som Alf Gerog Kjetså står bak.

Det er eit arbeid utan sidestykke i heile regionen

— Samla sett er bileta, lydbanda og alle filmane ein kulturskatt av dei heilt sjeldne. Det er eit arbeid utan sidestykke i heile regionen, seier Jansen.

Konservatoren seier det er mange som samlar på bilete. Men han veit ikkje om nokon som har samla i så lang tid og som samstundes har sett bileta saman med så mykje viktig lokalkunne.

— Det unike med Kjetså er evna til å dokumentere i detalj. Han får til dømes tak i eit gamalt bilete av ei folkemengde. Då nummererer han alle og sørger for å spørje og grave til han får rett namn på rett stad. Det er ikkje mange som gjer den viktige ekstrajobben, seier Jansen.

Kombinasjonen bilete og film og intervju er heilt spesiell. Kjetså har snakka med folk som visste. Du kan sjå bilete frå store hendingar. På eit lydband kan du høyre folk fortelje om same hendinga.

Jansen er også oppteken av mangfaldet i samlinga til Kjetså. Det er bilete av høg og låg, gamal og ung, fritid og arbeid, sorg og fest, natur og bygg. Ja, heile heilskapen i eit lokalsamfunn.

Leonard Jansen, konservator ved Setesdalsmuseet. Foto: Jostein Blokhus

— Og så er det ikkje berre Hornnes og Evje, men også mykje frå bygdene rundt, seier Jansen.Han trur mange har ei skoøskje med gamle bilete på loftet. Men kva hjelper det når ingen veit kva eller kven som er på bileta.

— Kjetså har funne svar. Det er det heilt unike. Eg oppmodar alle som les dette til å gjere det same som Kjetså. I dag er det lett å fotografere, filme og arkivere. Men diverre er det nok mange bilete og filmar som ligg og sleng på harddiskar rundt om utan at noen tek bryet med å skrive nokre ord om kva bileta og filmane inneheld, seier Leonard Jansen.

Bård Raustøl ved Interkommunalt arkiv Vest-Agder og Digitale bilder Agder seier dei har cirka 40.000 bilete totalt, altså vel halvparten av samlinga til Kjestå.

Raustøl seier det er eit kolossalt viktig arbeid Alf Georg Kjetså har utført.

- Me har mykje å takke for

— Me har mykje å takke for, seier ordførar Bjørn Ropstad på ekte KrF-vis. Denne gong er det ikkje høgare makter han taler om, men innsatsen til Alf Georg Kjetså.

For kommunen er det heilt uvurderleg at ein mann gjer ein slik innsats heilt frivillig og på eiga hand.

Bjørn Ropstad, ordførar i Evje og Hornnes. Foto: Kjartan Bjelland

Ordføraren seier han ikkje veit om nokon annan kommune der omtrent alle innbyggjarar i fleire generasjonar er samla i ei fotosamling.— Alf Georg Kjetså har filma og fotograferte det meste som har foregått i kommunen i fleire tiår, i tillegg til alle dei gamle bileta han har sikre kopi av. Samtundes har han ein kunnskap om lokalsamfunnet som er heilt spesiell. For kommunen er det heilt uvurderleg at ein mann gjer ein slik innsats heilt frivillig og på eiga hand, seier Ropstad.

Ordføraren har knapt ord store nok. Samstundes er han oppteken av kva som skal gjerast med Kjetså si samling framover.

— Der er ingenting avgjort og mykje er sjølvsagt opp til eigaren sjølve. Me har kjøpt delar av samlinga tidlegare. Me fekk også kjøpt Johan Fennefoss samling i si tid. Den har Alf Georg Kjetså dokumentert godt i etterkant, seier Ropstad.

Ordføraren vonar samlinga kan bli synt fram for ettertida, gjerne søkbart på internett, og seier kommunen øynsker å hjelpe til med dette.

— Eg kan ikkje love noko her. Dette må me samtale om. Legg alle godvilja til, skal me få til noko bra både for Kjetså og kommunen, seier han.