• Ho fekk ideen og han skreiv den første søknaden. Utan Kari Margrete Okstad og Gunnar Stubseid hadde det neppe blitt noko. No har dans og spel frå Setesdal snart same verdsstatus som flamenco frå Spania og tango frå Argentina. FOTO: Odd Inge Uleberg

«Snart har me fått ein kultur som heile verda meiner det er verd å ta vare på»

Stev, dans og spel frå Setesdal er på full fart inn på Unesco si verdsarvliste over immateriell kulturarv. Då får kulturen same statusen som tango frå Argentina og flamenco frå Spania.