Pål Dale, Dale, 4747 Valle, er 60 år i dag, fredag 11. juni.Pål Dale er lokalpolitikar i ordets rette forstand. I 30 år har han sitte i formannskap og kommunstyre i Valle for ymse parti og grupperingar.Tida som leiar for landbruksnemnda i Valle 1984 — 1987 minnest han som ei særs interressant tid.Dei siste halvannan periodane har politikaren som både har vorte kalla sjonglør og kamelon vore Kristeleg Folkeparti-representant. Tidlegare har han vore bygdelistemann - etter å ha velta partifellen Gudmund Åkres draum om å verte Sp-ordførar i 1987. Men mest av alt er det bondepartimann i Senterpartiet Pål Dale har vore.- Det vart tala mykje om bondens sak rundt bordet heime då eg var liten, fortell Pål Dale.Etter ein 10 år lang ekslusjon frå Senterpartiet etter Åkre-striden og ei bygdeliste som ramla saman, måtte det sjonglørkunstar, barnetru og KrF til for å føre Pål Dale inn i formannskapet 11. september 2003.- KrF er ingen meinighet lenger, men eit parti, strekar Dale under når praten kjem inn på barnetru og liknande kvalifikasjonar.Den 11. september 2003 - valdagen - fekk Pål Dale beskjed om at han var råka av kreft i magen. Det gjekk godt, fortell han. I oktober vart han operert. No er han god att.Jakt, heiturar og skirenn har allstødt vore Pål Dale sine store interesser utanom politikken. I 1999 fekk han jamvel skikongen Bjørn Dæhli med seg på villreinjakt i terrenget Dale har i Setesdal Vesthei.Sjølv har han ikkje tal på alle reinane han har skote. Men det har han på dei store skirenna han har delteke i: 25 gonger har Pål gått den 54 kilometer lange Sesilåmi. Fire gonger Birkebeinaren og ein gong Skarverennet.Pål Dale opplevde også å verte raudruss i vaksen alder. Det var i 2001 at 56-åringen kunne sette russluva på hovudet etter deltidsstudiar ved dei vidaregåande skulane i Valle og på Hovden.- Eg fekk brev frå universittet i Oslo om at eg var velkommen til å studere der, men det slo eg i frå meg, seier jubilanten.Ei tid «truga» Dale med å skrive sine politiske memoarar. Han hadde jamvel henvendelsar frå nokre bibliotek som ville bestille boka før ho vart påbegynt.- Eg droppa boka fordi eg vart redd det ville vorte for nært, fortell Dale. Han ville spare sine politiske mostandarar og ikkje egge til strid i bygda. Ved sidan av å vere kraftverksarbeidar har Pål Dale vore bonde i mange år. Han var den første i Setesdal som leverte økologisk mjølk til meiereiet på Byglandsfjord. No har dottera og mannen overteke den etter måten store garden.60-årsdagen feirar Pål Dale og kona med middag for to i Oslo. Deretter går turen til Alvdal for å sjå på samlingane etter Aukrust.Fædrelandsvennen sluttar seg til gratulantane og ønsker god tur.Johs. bjørkeli