VALLE: Då kulturkonsulent Ånund K. Homme i Valle vart pensjonist i 1997, måtte han ha «noko å herje med». — Eg skipa Setesdalsforlaget. Eg hadde sett meg så lei på at det snart ikkje er nokon som gjev ut bøker på nynorsk lenger. Du kan vel kalle meg ein idealist, seier forleggar Homme.Ni år etter skipinga har han pøst 140 bøker ut på marknaden og ti nye skal vere klare til jolesalget dette året.Kry syner Ånund K. fram ferdige og halvferdige bøker. Tre stykker har han liggande ferdig innbundne. Sju andre har han førebels på pc-en. Homme syner teikningar til framsida på boka «Den gamle anorakken» av Herolv Karstein frå Tromsdalen. Solveig Lid Ball - som og teiknar for Cappelen - har levert to framlegg. Ånund vel det mest naturalistiske. Boka handlar om mobbing og er ifølge forleggaren spennande og gripande.- Her ser du diktsamlinga «Ferdaskrinet» av Ingrid Geithus frå Vik i Sogn. Dette er debutboka hennar som ho gav ut då ho var langt over 80 år, seier han. Boka er enkel, dikta søkk inn, men om det vert noko stort sal veit Homme ikkje. Fyrsteutgåvene trykker han i 200 eksemplar. Torjus Nomelands erindringsbok frå Hylestad «I mi tid» er hittil største suksessen. Den gjekk i 800 eksemplar.- Eg har vel selt ein stad mellom 12.000 og 15.000 bøker. Det vil seie, stort sett sel forfattarane dei sjølv, seier forleggaren med ei årsomsetning «truleg på ein stad mellom 200.000 kroner og 300.000 kroner. Han gjeng allstødt med eit lite underskot.- Kva for nokre andre bøker har du på lista di denne hausten, då?- Ei meir pedagogisk bok av Gunnar Guttormsen som heiter «Ca. 12.000 skolesdager», Jan Elvemo sine to bøker for folk med lese- og skrievanskar, «Familien Kra i Kråkeland» og «Spenning for barn i alle aldre.»- Men dette er ikkje bøker på nynorsk? Dei er på bokmål?- Eg skal gje ut den fyrste både på bokmål og nynorsk, men ikkje spenningsboka, seier Ånund. Han er då ikkje allergisk mot bokmål heller. Han gjev jamvel ut ei bok på engelsk i haust: «Food for all - food for peace» av Dr. Kåre Larsen.- Det er hans teser frå arbeid i FN med verdas matvareprogram, fortel Homme.Tidlegare skogbruksmeistar i Setesdal, Oddbjørn Aardalen frå Vennesla, kjem ut med diktsamlinga «Å sjå med hjarta», medan 85 år gamle Anders Dybing frå Nodelands biografi om Roald Åmundsen snart er klar frå trykkeriet.Vidare innheld boklista denne hausten Gunhild Espetveit frå Valle si bok «Diakoni i Setesdal», Norvald Losnegards «Den kvisten er best som bøyer seg og ikkje brest» og Kristian Stubseids «Frå Granden».johs.bjorkeli@fvn.no