BYKLE: Kommunestyret i Bykle vedtok i går at dei i løpet av kort tid skal gje turistnæringa eit førebels svar på om dei er for eller mot utbygging.— Dette er veldig positivt og viser at det er godt hald i det arbeidet vi har gjort til nå. Dette tolkar eg som at Bykle kommune er for ei utbygging, seier Robert Natvig, marknadssjef i Hovden Ferie.Turistnæringa har vore utålmodige og pressa på for å få lokalpolitikarane til å kome med signal om dei verkeleg vil ha ei utbygging av skisenteret. Fædrelandsvennen snakka i går med fleire i næringa som meiner at det hos lokalpolitikarane nå er fleirtal for utbygging.Dei som skaper problem, er grunneigarane, som er sterkt kritiske til planane. Byggestart i 2004

Hovden Skisenter er snart ferdig med å greie ut om konsekvensane ved ei utbygging. Kommunestyret vedtok i går at skisenteret si konsekvensutgreiing kan godkjennast etter at eit par forhold er nærare utgreidde.Dette vil vere klart innan 1. desember. Etter det vil kommunepolitikarane gje eit førebels svar på om dei er for eller mot utbygging. Konsekvensutgreiinga har mellom anna avslørt at kulturminna i området vil bli nærast raserte ved ei utbygging. Det har vore grunneigarane sitt sterkaste argument mot utbygging.Men Hovden Skisenter svarar nå at dei er førebudd på å ta meir omsyn til kulturminna ved ei utbygging.- Det kan vi sjølvsagt gjere. Planane omfattar er ei maksimal utbygging der vi legg opp til at det kan byggast ut så mykje som mogleg. Men det er sjølvsagt mogleg å gjere utbygginga mindre, seier Tom Kvinlog, dagleg leiar ved Hovden Skisenter.Han håpar at dei kan gå i gang med arbeidet sommaren 2004. Omfattande

Planane som Hovden Skisenter har lagt fram for Bykle kommune er svært omfattande. Blir dei følgde, vil skisenteret bli meir enn dobbelt så stort som nå.Lokalpolitikarane er klar over at dei truleg må ekspropriere området frå grunneigarane for å få bygd ut skisenteret.- Dette er ei vanskeleg sak. Spesielt sidan det er snakk om å ta seg til rette på annan mann sin grunn. Men eg vippar vel mot ei utbygging, seier Dag Hovden (Ap).Dag Hovden og dei andre lokalpolitikarane har nemleg fått klar melding frå turistnæringa om kva det vil bety for Hovden dersom det ikkje blir utbygging.- Om det ikkje blir utbygging, vil det bli verre for Hovden enn for skisenteret. Skisenteret vil nok klare seg utan utviding, men Hovden vil ikkje klare å utvikle seg vidare, seier Kvinlog.