15 MINUTTAR GAMMALT: Lammet som Birgit Harstad hjelpte til verda er 15 minuttar gammalt på dette biletet. Foto: Johs Bjørkeli
MÅ ARBEIDE: ?Eg må arbeide. Støtt. Det er så gama, seier Birgit Harstad. Ho gjev seg ikke i sauefjøset sjølv om ho er over 90 år. Foto: Johs Bjørkeli
TRYGGE HENDER: Sauene og lamma på Harstad i Valle er i trygge hender når Birgit Harstad (90) er sjef og jordmor i fjøset. Foto: Johs. Bj rkeli

VALLE: I desse dagar er ho i fullt arbeid i sauefjøset til sonen og svigerdotra på Harstad i Valle.

Det er mandag føremiddag. Ein grå vårdag med tåke og stille. Men inne i fjøsa andar det av nytt liv nå. Lamminga er byrja. Ut av sauefjøset på garden Harstad kjem Birgit Harstad gåande med to kjeppar til å stø seg på. Ho har vore i fjøset og sett at ennå eit lam har kome trygt til verda. Det har ho gjort 70 år.

Rette på lamma

– Eg byrja å rette på dei i 1942 eller -43, fortel ho. "Rette på dei", tyder å gå inn i sauen med hendene og til dømes legge føtene til lammet rett slik at hovud og framføter kjem samla ut.

– Du veit, ikkje hadde vi dyrlækjar her i Valle på den tid, og ikkje hadde folk råd til slikt heller. Etter kvart fekk eg slik trening i å rette på lam at eg var rundt på gardane og hjelpte andre og, seier ho.

Var nøydd til

– Kva er det som er så gildt med sau?

– Det er gildt med alt som lever. Og eg måtte bare synest det var moro, for eg var nøydd til. Vi hadde kyr òg.

Birgit seier at ho er glad i å arbeide. Det gjer ho støtt.

Braut hofta

– For tre år sidan braut ho hofta si då ho kløyvde ved. Men sjølv med krykker var ho med i slåtten i fjor, fortel sonen Torleiv. For han og kona er det ei umisteleg hjelp å ha ei så sprek kårkone på garden.

– Ja, hadde det ikkje vore for den søppeldunken du sette ved sidan av vedkløyva hadde eg ikkje brote meg, meiner Birgit. Ho trengte noko å stø seg mot og då velta både ho og den tomme dunken med hjul.

– Eg vart sendt til sjukehuset og operert, men eg trur det er ei gamal og dårleg hoftekule som doktoren har sett inn. Eg vert visst ikkje bra, og ikkje har dei kalla meg inn til kontroll heller, seier ho.

Kare— og kvendearbeid

— Men eg skal ikkje slutte å arbeide. Eg likar både kare- og kvendearbeid. Frå 1950 til 1955 arbeidde både mannen min og eg på Lumber. Vi måtte tene pengar då vi overtok garden her. Seinare arbeidde eg 20 år som vaskehjelp i kommunen, strikka mykje og arbeidde på garden. Mannen min var spelemann og farta mykje rundt.

– Kor mange lam har du teke i mot, trur du? 7000-10.000?

– Eg veit ikkje, men truleg noko slikt, seier "jordmora" på Harstad i Valle.