DISTRIKTSNAMN | I vermeldingar, og også i andre samanhengar, blir det tala om distrikt innan dei to Agder-fylka, og det er tidt uråd å vite kor store bitar av fylka det er tale om. Vilhelm Kragh skapte sitt Sørland, og her synest somme å meine at det skal omfatta heile Agder frå hav til hei, til og med Bykle. Agder med egdene skal, slik eg har oppfatta det, tyde kyststrøk frå Rogalands grense til Rygjarbit, der rygene blei stansa i sin frammarsj. Det er ein liten bergodde som markerer grensa mot Telemark. Dei ulike distrikta i Telemark er Vestmar, Grenland, Midt-Telemark, Øst-Telemark, Vest-Telemark og Øvre Telemark.Sjølv er eg frå Gjerstad, og vil aldri godta å bli kalla sørlending. Staden eg kjem frå heiter Egddalen ved Egdeelva, og garden på nordaustsida heiter Egderød. Det seier oss kor grensa mellom Agder og Telemark skal gå. Somme vervarsel skal gjelde frå Lindesnes til eit eller anna stadnamn lenger aust. Andre er så rause at dei reknar alt frå kysten, til og med Bykle med til Sørlandet. Alle må kunne godta at folk ute i distrikta får vite kor dei sjølve skal rekne med at dei hører heime, jamvel om dei ulike distrikta representerer få personar. I øvre delen av heimbygda mi råkar ein på ei elv som ender i Gjerstadvannet, men som har kjeldene sine nokre mil lenger nord. Her kan ein gå over Telekvadet, og hamnar, litt sør for Gautefall. Kan hende Kulturdepartementet må avgjere korleis namn i vervarsling eller Dagsnytt offisielt skal brukast.Politikarane har det for tida travelt med å tenke på samanslåingar av mange slag. Det gjeld kommunar, men også fylke og stat. Kva i verden er det dei vil oppnå med dette? For meg sser det ut som dei meiner det vil vere mykje lettare for politikarane å få dette avjort slik dei sjølve helst vil ha det, utan innblanding frå veljarane. Men det er langt frå sikkert at dette er det som fleirtalet helst er best tent med. Folk ute i distrikta treng ikkje blandast inn i dette. Det er så mykje enklare å få saker i gjennom når deira politisk valde representantar kan ta avgjerdene for dei. For ein gongs skuld er eg einig med Frps Carl I. Hagen. Han vil at folkeavstemning skal avgjerde saka. Det meiner eg også bør gjelde når det er tale om samanslåing av fylke eller statar. Folkefleirtalet må vi alle respektere. Kanskje må Kulturdepartementet avgjere korleis distriktsnamna helst bør brukast.Gunnar FløgstadSøgne