VALLE: «Bilbank» lyser det i blått og kvitt mot reisande nordetter riksveg 9 på Rysstad i Setesdal. Det er Valle Sparebank sin nyskaping, inspirert av banksjef Olav Rike og fungerande banksjef Torleiv Hovet sine turar i USA.Kor mange slike bankar der ein kan ekspedere seg sjølv frå bilglaset det finst i Norge, veit ikkje Torleiv Hovet. Men han har høyrt om ein i Østfold. Om det er ein i «byen» (Kristiansand for setesdølar.red. anm.) veit han ikkje. Mange vil nok sperre augo opp når dei ser banksjef Olav Rike sitt eigekomponerte «bilbank-skilt» på veggen av det splitter nye Rysstadtunet. Også her på landsbygda, då! Kjekt i snø og regn

Det er ikkje det minste rart, synest Hovet. — Vi er meir avhengige av bil her oppe enn folk som går i gatene i byen, seier han. Dessutan er det mange turistar på gjennomreise i Setesdal året rundt. Kjekt å ha ein minibank under tak når snø og regn piskar eller når det er glatt og fælt ute, meiner den fungerande bankssjefen.- Kjekt med slik ei låg plassering av minibanken, synest MS-plaga Valborg Nomeland også. Nå kan ho køyre rullestolen heilt inn til «inputen» og betjene seg sjølv derifrå. 3,5 millioner kroner

Valle Sparebank har brukt 3,5 millionar kroner på å kjøpe ein seksjon i det nye Rysstadtunet på Rysstad i Valle. Her har banken fått ny, funksjonell bankfilial og ein utleigeleilighet. Bilbanken har berre kosta 250.000 kroner.Elles i Rysstadtunet har Valle kommune bibliotek og lokale for næringsverksemd. Private investorar har også lokale og leilighet i det nye sentrumsbygget.- Vi liker å syne ansvar og ta del i sentrumsutviklinga både i Valle og på Rysstad. Reint bedriftsøkonomisk er det sjølvsagt ikkje på dette vi hentar dei store inntektene. Vi meiner likevel at det er viktig å gje bygdefolket noko tilbake på slikt vis også, seier Torleiv Hovet.At bilbanken deira vekker oppsikt og vert lagt merke til, synes han er eit pluss både for den vesle banken med 700 millionar kroner i forvaltingskapital og for Valle sine 1430 ibuarar. johs.bjorkeli@fedrelandsvennen.no