INNGJERDING | Kampen mellom husdyrhaldarar og jegrar på den eine sida og rovdyrforkjemparar på den andre sida er i gang. Dei som er imot vert freista til å ta lova i eiga hand og felle dei freda rovdyra, med våpen eller åte. Rovdyrforkjemparane seier mellom anna at husdyrbeita må gjerdast inn. Kva med heller å gjerde inn rovdyrområda?Rovviltforkjemparane held til i byområda. Start der med å setje opp innhegning for rovviltet! Oslomarka dekkjer eit areal på storleik med tre fjerdepartar av Vestfold fylke. Opprettinga og inngjerdinga av eit rovviltreservat kan starte der. Så får vi sjå etter kvart.Hallvard KvævenSirdal