BYGLAND: I denne framsyninga får vi mellom anna oppleve William Viki som den 102 år gamle hobbyjuristen Sindre Piltingsrud og Frank Egil Reise i rolla som 102 år gamle Mathias Solbakken, tidlegare banevaktar.At handlinga går føre seg på Krokkryggen Gamlehjem er vel ikkje akkurat utruleg med slike gamle karar som hovudaktørar. Myrullbråten blir spelt alltid populære Jørund Upsal.Edmund Bakken, frå dei Andaluciske sletter, vert framstilt av ein debutant i Bygland Dramatiske Selskab. Det er Setesdølen-journalist Sigbjørn Høidalen. Gudrun Omnes, Gro Tove Frafjord og Anne Reidun Lund spelar henholdsvis sjefsredaktør Frimand Pløsen, tenestejente Magnhild Grusvolden og styrarinne Barbro Kjølstad.