ÅSERAL: Nye Skjerka vil gje opptil 150 GWh og er ein av dei største utbyggingane som Agder Energi nå planlegg. Hvis Olje— og energidepartementet går inn for det, kan dei to magasina Skjerkavatn og Nåvatn bli eit magasin. Skjerkavatn kan bli heva med opptil 30 meter og Nåvatn med opptil sju meter. Det vil innebere at så mykje som 2,5 kvadratkilometer kan bli lagt under vatn.Snart kan det vere avklart kor mykje Agder Energi får lov å bygge ut.- Svaret vil sannsynlegvis kome i løpet av våren, seier Lars Nermoen i Olje- og energidepartementet. Bygger ut

Nye Skjerka er ei av fleire utbyggingar som vil gje Agder Energi fleire hundre nye gigawatt. I tillegg til Nye Skjerka, planlegg Agder Energi utbygging i desse vassdraga:Brokke Nord og Sør, Setesdal: 170 GWh.Hunsfoss, Vennesla: 75 GWh.Uleberg, Evje og Hornnes: 38 GWh.Høylandsfoss, Åmli: 10 GWh.I tillegg er det planar om ei rekke småkraftverk på Agder.- Det er vanskeleg å sei kor stort potensial det er i desse kraftverka. Men det er større enn det vi har trudd. Tidlegare undersøkingar har hatt som utgangspunkt at det skal byggast store kraftverk, og dei har ikkje sett så mykje på dei små, seier Rein Husebø, dagleg leiar i Småkraftverk AS.Firmaet er inne i fleire prosjekt på Agder. Utålmodige

Utbygginga av Nye Skjerka har vore planlagt sidan tidleg på 90-talet. Søknaden hamna hos Olje- og energidepartementet i 1997. Fire år etter kan altså departementet opplyse at søknaden vil bli ferdig behandla i løpet av våren. Føresetnaden er at søknaden ikkje går til Stortinget, men blir ferdig behandla i statsråd.Sidan arbeidet med Nye Skjerka tok til, har det ikkje vore mogleg å legge andre planar for området som er planlagt utbygd. Folk i Åseral har difor blitt kraftig utålmodige.- Denne saka har lagt i departementet uendeleg lenge. Sett frå kommunen si side hadde det vore veldig greit å få ei avklaring nå, seier Jørgen Åsland, ordførar i Åseral.Han legg til at då kommunen skulle uttale seg om saka, fekk dei knapt ei veke på seg. - Departementet har brukt fire år nå, konstaterer Åsland.