ÅSERAL: Eg fann to laken som eg knytte saman. Dei festa eg i stolpen i vindauget. Då kunne eg fire med ned til bakken, fortel Oddbjørn Breland.

Natt til laurdag vart svært dramatisk for 47-åringen. Han låg og sov i barndomsheimen sin på Breland i Åseral då han vakna av at det lukta røyk. Klokka var ein stad mellom 04.00 og 05.00. Han sprang mot trappa, men vart møtt av tjukk røyk.

Eg sprang inn på soverommet att og prøvde vindauget. Men det var stengt.

Han prøvde seg på trappa endå ein gong, berre for å finne ut at det ikkje var råd å kome seg ned.

Ved hjelp av ein kommode klarte han å slå ut vindauget på soverommet. Så fann han lakena som han knytte saman. Deretter fira han seg ut frå det brennande huset.

Det eine stovevinduet eksploderte i det eg fira meg ned. Heldigvis fira eg meg ned over kjøkkenet, så eg vart ikkje råka, seier Breland.

Han bur vanlegvis i Mandal, men var på helgetur til Breland som ligg på strekninga mellom Kyrkjebygd og Ljosland.

Eg veit ikkje kor lenge eg var på soverommet før eg kom meg ut. Det var sikkert ikkje meir enn nokre minutt, men det kjendes ut som det var frykteleg lenge, seier Breland.

Han fekk etter kvart kontakt med naboane i grenda. Brannvesen kom også til staden, men det var ikkje råd å redde huset. Breland vart køyrd i ambulanse til observasjon ved sjukehuset i Kristiansand medan barndomsheimen stod i full fyr.

Det er klart at det er vemodig. Men samstundes er eg glad for at eg kom uskada frå det, seier Breland.

Nokre mindre kutt her og der er alt han fekk av skader etter den dramatiske natta.

Sjølv veit han ikkje kva som er grunnen til brannen, men han reknar med at den starta i stova. Breland var tilbake i Åseral på søndag for å sjå på huset som han hadde drege frå medan det framleis brann.

Politiet veit førebels ikkje noko om korleis brannen starta. Dei startar ikkje undersøkingar på Breland før på måndag.

Av KJETIL REITE